Det er mannskap som enno ikkje har fått all løn frå elektrojobben på Hardangerbrua, etter entreprenør-konkursen hausten 2013. Arkivfoto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Statens vegvesen: Ber om lønsoppgjer frå konkursbu

Statens vegvesen purrar konkursbuet om utbetaling av løn til elektromontørar på Hardangerbrua for 2013.

Det er eit dansk advokatselskap som utfører oppgåvene for konkursbuet etter at elektroentreprenøren KB Electrotechpå prosjektet gjekk konkurs hausten 2013. Entreprenøren brukte ein underentrepenør med polske mannskap. Desse har ettelyst utbetaling av løn frå arbeidsgjevar, melder vegvesen.no.

«Hurtigst mulig»

Statens vegvesen tok som byggherre for Hardangerbrua opp spørsmålet om restløn til mannskapa i vinter. Svaret frå konkursbuet var at dei skulle gå gjennom arbeidslister for mannskapa, som grunnlag for etterbetaling av uteståande løn. I ei purring frå Statens vegvesen 8. juni svarer bustyret at gjennomgangen av arbeidslistene skulle avsluttast «hurtigst mulig».

I eit nytt purrebrev denne veka ber byggherre om at konkursbuet presiserar kva dei meiner med «hurtigst mulig».

Vilkår etter boka

Statens vegvesen har halde att midlar til elektroentreprenøren på grunn av usemje om godtgjersla til dei polske mannskapa. Men Statens vegvesen kan ikkje betala dette beløpet direkte til mannskapa, og treng dokumentasjon frå konkursbuet på at dei har betalt ut mannskapa – før ein kan frigjera midlane.

- Statens vegvesen er svært oppteken av at alle som arbeider på prosjekta til etaten har arbeidsvilkår som er i samsvar med gjeldande regelverk, samstundes som HMS-omsyna blir ivaretekne på ein god måte, skriv dei i meldinga.