Firma | Mercuri Urval for Sunnfjord Energi |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde |
Søknadsfrist | snarest |
Ønskjer du ein kraftfull leiarjobb i Førde?
Som leiar i Sunnfjord Energi si nettavdeling vil du få strategisk, økonomisk og teknisk ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av Sunnfjord Energi sitt samla linjenett. Driftssentral og beredskapsorganisasjon har ein sentral plass. Til nettsjefen ligg og ansvar for av den interne tele- og fiber-satsinga i selskapet, samt for sal av eksterne nettenester, hovudsakleg til andre energiverk. Nye krav og behov medfører av det norske kraftsystemet står fram for store investeringar og endringar, der fleksibilitet i bruk av nettet er sentralt. Sunnfjord Energi skal investere kraftig i nettet i åra framover, og du vil være ein viktig pådrivar for selskapet sitt arbeid på dette område. I tillegg vil du vere ein sentral bidragsytar i leiargruppa, og rapportere til administrerande direktør. Nettavdelinga er den største avdelinga i Sunnfjord Energi.
Vi søker deg med høgare teknisk utdanning innan elektro eller elkraft, og med leiarerfaring. Det er ønskeleg at du har erfaring frå nettselskap. Du evner å få med deg dine medarbeidarar, og å bidra til å løfte Sunnfjord Energi vidare. Vår nye nettsjef trivst med å få sine medarbeidarar til å lukkast gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
Vi tilbyr spennande og solide utfordringar i ein framtidsretta marknad. Du vil leie svært kompetente medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø med lav turnover.
Hovudkontoret ligg i sunnfjordbyen Førde, som kan by på det beste både frå eit lettvint og landleg liv og urbane kvalitetar. Regionen har eit rikt tilbod innan kultur, idrett og friluftsaktivitetar. Kommunen er nyleg rangert som nest beste skulekommune i landet (Kommunebarometeret, 2014).
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Fleire opplysningar får du hos Mercuri Urval v/Gro Reinertsen, gro.reinertsen@mercuriurval.com og Geir Lislerud, geir.lislerud@mercuriurval.com. Du kan registrere din søknad snarast. Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg og overfor oppdragsgivar.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Mercuri Urval for Sunnfjord Energi, Førde
- Fylke Sogn og Fjordane