Ingeniørgeolog

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist01.08.2014

Vi søkjer ingeniørgeolog til vår Geo- og skredseksjonen ved Ressursavdelinga i Region vest. Seksjonen har 27 medarbeidarar, derav 10 geologar, og løyser oppgåver i fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Seksjonen har m.a. ansvar for å utføre geotekniske grunnundersøkingar med bruk av eigne boreriggar, samt geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving. Våre geologar er etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring

Vi treng dyktige fagpersonar som kan hjelpe oss å finne gode veglinjer ut frå dei geologiske føresetnadene der vegen skal gå. Du blir ein del av eit stort prosjektmiljø der mange faggrupper diskuterer seg fram til dei beste løysingane. Det heilskaplege perspektivet er alltid sentralt hos Statens vegvesen.

Arbeidsoppgåver

Du skal drive ingeniørgeologisk prosjektering knytt til vegar, tunnelar, rassikring og bruer, både i plan-, utførelses- og driftsfasen. Du skal også gjennom strukturert og sjølvstendig arbeid planlegge og gjennomføre oppdrag i felt. Du styrer prosessen sjølv og trekker inn andre sin kompetanse der det trengs. Kvardagen er ei god blanding av kontorarbeid og synfaring i terrenget. Aktuelle oppgåver kan vere:

  • Delta i planlegging av veg, tunnel og rassikringsprosjekt
  • Oppfølging og rådgjeving i anleggsfasen
  • Skjeringsstabilitet og sikring for is og steinnedfall
  • Vurdering av rasfare og tiltak
  • Tilråding/ tiltak ved akutte rassituasjonar på veg
  • Arbeid med regional rassikringsplan
  • Ved behov kunne delta i arbeid innan spesiallistfunksjonen for skred
  • Oppfølging av privat konsulent innanfor fagområdet geologi

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet eller høgskule, på hovudfags- eller mastergradsnivå innan det aktuelle fagområdet. God relevant erfaring og ingeniørgeologisk kompetanse er ønskjeleg, men nyutdanna er og aktuelle til å søkje stillinga.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt. Det er nødvendig med førarkort kl. B.

Til denne stillinga ser vi etter deg som er:

  • Strukturert, initiativrik og produktiv
  • Løysingsorientert og med gode samarbeidsevner
  • Omgjengelig og med evne til å jobbe i team

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stilling her

Kontaktpersonar:Stein Olav Njøs

tlf: +47 57655896

mob: +47 95191855

Vis flere stillinger: