Foto: Statens vegvesen

Legg planar for ny, lang tunnel i Kjøsnesfjorden

Statens vegvesen varslar i sommar oppstart av reguleringsplanarbeid for forlenging av rv.5 Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden. Målet er at strekninga skal bli 100 prosent skredsikker.

Rv.5 har etter opninga av Fjærlandsvegen blitt eitt av dei viktigaste vegsambanda i fylket. Ved stengingar på denne strekninga er omkøyringsvegane svært lange.

Store delar av strekninga Kjøsnes-Lunde er sikra mot skred, men det står att parti som i dag berre er delvis sikra, melder vegvesen.no.

Gammal veg og gamle tunnelar

Vegbygginga langs Kjøsnesfjorden starta på 1930-talet. Vegen har blitt utbetra fleire gonger, men føl framleis opphavleg trasé langs vatnet.

Kurvaturen, kurvene i vegen, er for dårleg etter dagens standard, og dårlege botnforhold i Kjøsnesfjorden gjer det vanskeleg å utbetre vegen ved å fylle ut i vatnet.

Rasoverbygga og tunnelane på strekninga har heller ikkje ein standard som stettar dagens krav.

Forprosjekt i 2011/2012

Statens vegvesen utførte i 2011/2012 eit forprosjekt der ulike alternativ for skredsikring langs Kjøsnesfjorden vart vurdert. Her vart det også sett på løysingar med skredsikring langs eksisterande veg. Det vart m.a. vurdert terrengtiltak og forbetring av eksisterande skredsikringstiltak kombinert med ein kortare tunnel.

Det vart konkludert med at ei slik løysing ikkje ville gje 100 prosent sikring mot skred, og vart difor lagt vekk til fordel for ein lang tunnel mellom Kjøsnes i vest, og anten Kattasva ved Føreneset eller eksisterande Støylsnestunnel i aust.

I etterkant av forprosjektet har det blitt utført grunnundersøkingar og anleggstekniske vurderingar. Med bakgrunn i desse har ein gått vekk i frå alternativet med tunnel frå Kattasva. Det vidare planarbeidet vil difor konsentrere seg om ei løysing der ein forlengar Støylsnestunnelen heilt til Kjøsnes.

Nødutgang

Den samla tunnel-lengda vil bli på over åtte kilometer. Det er ikkje krav til nødutgangar for tunneler under 10 km som har denne trafikkmengda, men det ligg til rette for at det kan etablerast nødutgang ved eksisterande vestre utløp på Støylsnestunnelen. I tillegg kan det vere aktuelt å drive den austre delen av tunnelen frå eit tverrslag. Det kan difor også vurderast om dette tverrslaget kan brukast som rømmingsveg.

Kva funksjon gamlevegen vil få etter at den nye tunnelen står klar vil bli avklara i planprosessen.

Konsekvensutgreiing

Planprogrammet er eit varsel om oppstart av reguleringsplan, der ein også fortel kva reguleringsplanen skal innehalde og kva som skal undersøkast nærmare.

Blant punkta i planen er ei konksekvensutgreiing, ei analyse av korleis tiltaka i planen vil påvirke miljøet i området, og kva dei vil bety for lokal og regional utvikling.

Høyringsfrist for planprogrammet er i august. Forslag til reguleringsplan vert lagt fram ved årsskiftet 2014/2015, og skal godkjennast av Jølster kommune i løpet av den komande våren.