Vi søkjer leiar av Styrings - og strategistab

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist17.08.2014

Styrings- og strategistaben er organisert direkte under regionvegsjefen og har ansvar for utvikling av overordna og langsiktige strategiar, samt styring av regionen si totale verksemd. Staben tel i dag 12 medarbeidarar som er geografisk spreidd i regionen. Kontorstad vil vere Leikanger, og det vil vere ein del reiseverksemd knytt til stillinga.

Arbeidsområde:

Staben er ein styrings- og støttefunksjon for regionvegsjefen, og har hovudansvar innan områda:

  • Overordna styring og rapportering for Statens vegvesen, Region vest
  • Strategisk planlegging og koordinering, herunder m.a konseptvalutgreiingar (KVU), Nasjonal transportplan (NTP), fire-årige handlingsprogram, samt grunnlag for årlege statsbudsjett
  • Koordinering av regionens arbeid med felles kvalitetssystem
  • Intern sikkerheit (sikkerheitsforskrifta)

Leiaren for styrings- og strategistaben rapporterer til regionvegsjefen, har budsjett- og personalansvar for staben og har ei sentral rolle i regionleiinga. Du vil også representere regionvegsjefen i sentrale oppgåver.

Dette ønsker vi oss

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Personlege eigenskapar som vil verte vektlagd:

  • Evne til å framstå som ein klar og tydeleg leiar
  • Initiativ og god gjennomføringsevne
  • Ønske om å skape ein triveleg arbeidsplass og sjølv delta aktivt for å oppnå dette

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 4 år
  • Leiarerfaring frå linje/stab eller breitt samfunnsengasjement

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege eigenskapar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Stillinga føreset godkjend sikringsklarering eller at slik kan gjevast.

Søk her

Kontaktpersonar:

Helge Eidsnes

mob: +47 95894100

Paal Fosdal

mob: +47 90639859