Sakshandsamar eigedomsarkiv i Hamar - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg utleie
FylkeHedmark
StedHamar
Søknadsfrist10.08.2014

Avdeling eiendomsinformasjon i Forsvarsbygg har i dag ansvaret for å ha oppdatert kartdatabase og eigedomsregister (HER), FDV-dokumentasjon samt tekningsgrunnlag over Forsvarets grunneigedomar, bygg og anlegg. Avdelinga treng å styrke bemanninga knytt til handtering av eigedomsarkivet. Bakgrunnen er gjennomføring av eit prosjekt med føremål å rydde og skanne alle eigedomsdokument for å gjere dei betre tilgjengeleg for sakshandsamarar i Forsvarsbygg. Til dette arbeidet søker vi etter ein dyktig og motivert medarbeidar.

Stillinga er mellombels for 1,5 år med mogelegheit til forlenging, og lokalisert til Hamar.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • etablere digitalt eigedomsarkiv, mellom anna skanne og legge inn metadata på arkivverdige eigedomsdokumenter
  • rydde, strukturere og arkivere eigedomsdokumenter før skanning
  • oppdatere eigedomsarkivet i knytt til avgang og tilgang av eigedomsdokumenter
  • hjelpe til med å hente fram dokumenter til bruk i den daglege sakshandsaminga
  • kvalitetskontroll og rydding/sletting av dokumenter som er linka opp i forsvarsbyggs eigedomsregister (HER)
  • øvrige arbeidsoppgåver på avdelinga kan påreknas

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning primært på høgskulenivå
  • dokumentert relevant røynsle kan kompensere formelle utdanningskrav
  • ønske om røynsle frå fra arbeid med eigedomsdokumenter/eigedomsregistrering
  • ønske om kjennskap til arkivering/arkivsystemer
  • det vert krevd tryggleikserklæring på nivå hemmeleg

Utdanningsretning

  • Samfunnsfag
  • Bygg og anlegg

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • strukturert
  • sjølvstendig
  • påliteleg
  • nøyaktig

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som konsulent/førstekonsulent (kode 1065/1408) i Statens lønnsregulativ
  • fleksibel arbeidstid

Søk her

Kontaktinfo: Grete Røen - Leder Eiendomsinformasjon - (+47) 900 824 76

Vis flere stillinger: