Ledig stilling innan HMS

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist16.08.2014

Statens vegvesen har ei ledig stilling med oppgåver innan HMS, knytt til vegavdeling Sogn og Fjordane. Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Leikanger.

Aktuelle arbeidsoppgåver i stillinga:

• Følgje opp at alle kontraktar blir registrerte i Elrapp før oppstart, og delta på oppstartsmøte for kontraktane.

• Besøke kontraktane og prosjekta, og gje rettleiing og støtte på registrering og handsaming av uønska hendingar og månadsrapportering i Elrapp til byggherre og entreprenørar.

• Ta ut rapportar og analyser frå Synergi, og gje tilbakemeldingar til byggherre og entreprenør.

• Rapportere status og trendar, på alle nivå i vegavdelinga inkl analyser av hendingar f eks oppfølging av K4 og K5 hendingar på vegne av avdelingsdirektør.

• Opplæring og kurs

• Bidra til kontroll av dokumentasjon på byggherre og entreprenør si oppfølging av HMS på prosjekt og kontraktar og støtte prosjektleiarane/HMS-koordinatorane i meir komplekse HMS-saker (for eksempel arbeidstidsordningar, skiftavtalar, oppfølging av utanlandsk arbeidskraft og liknande)

• Risikoanalyser og SAMRos inkl plan for omkøyringsvegar og bruk av VegCim

• Museal kontakt for Sogn og Fjordane

Kvalifikasjonskrav:

• Min 3 års utdanning frå universitet/høgskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader, kan kravet til utdanning fråvikast.

• Kjennskap til korleis entreprisedrifta vår skal fungere mop. HMS f eks arbeidstidsordningar, skiftavtalar og bruk av utanlandsk arbeidskraft

• Gode Excel- og wordkunnskapar

• Kompetanse på eller villig til å gjennomføre opplæring innan risikoanalyse på ulike nivå både slik at det kan brukast prosjektretta og på meir overordna nivå f eks i samband med SAMros og VegCim.

• Det er ønskeleg med kjennskap til synergi og Elrapp.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på fylgjande personlege eigenskapar:

• Gode pedagogiske evner

• Strukturert og systematisk

• Løysingsorientert og samarbeidsvillig

• Evne til å skape resultat innan området

Vi tilbyr:

• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

• Gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning

• Eit triveleg arbeidsmiljø og ordna arbeidsforhold

• Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Kontaktpersonar:

Nils Magne Slinde

mob: +47 90154550