Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 15.06.2014 |
Planseksjonen har ansvar for formell planlegging og prosjektering/ konkurransegrunnlag. Vi har hatt stor bemanningsvekst den siste tida og vi ønskjer å dele kontoret i Stavanger i to like einingar. Noverande seksjonsleiar vil få ansvaret for ein av einingane, og det er for den andre eininga vi søkjer ny leiar.
Som seksjonsleiar får du ansvar for å leie og utvikle eit aktivt, kompetent og breidt samansett fagmiljø med ca 20-25 medarbeidarar.
Seksjonen har ansvar for
- Vegplanlegging - utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplanar etter plan- og bygningslova
- Prosjektering, byggjeplanlegging og utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Overordna planlegging/vegutgreiingar og konsekvensutgreiingar og analysar
Planseksjonen har medarbeidarar og leiarar fordelt på kontora i Leikanger, Bergen og Stavanger og du vil samarbeide tett med dette leiarteamet. Du vil og verte ein del av Ressursavdelinga si leiargruppe på totalt 12 stk og skal vere med på å styre avdelinga sine aktivitetar og utvikling i åra framover.
Arbeidsoppgåvene vert å leie seksjonen i det daglege. Du skal leie det faglege arbeidet, koordinere arbeidsoppgåvene og sørge for at dei tilsette utviklar seg.
Dette ønskjer vi oss
Vi ser etter trygge leiarar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid – både for medarbeidarane og deg sjølv.
I Statens vegvesen ønsker vi å være profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande. Som leiar av seksjonen er det viktig at du
- kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
- jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg
Alle leiarane i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.
Kvalifikasjonskrav
Du har minimum 4-årig utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør - eller masternivå innan vegfag eller anna relevant utdanning. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan vi fråvike kvalifikasjonskravet. Det er ønskjeleg at du har leiarerfaring og erfaring innan stillinga sitt ansvarsområde. Evne til god muntleg og skriftleg fremstillingsevne er viktig.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Søknadsfristen er sett til 15. juni d.å.
Kontaktpersonar:
Gunnar Søderholm
tlf: +47 57655789
mob: +47 95259709
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland