Arenaleiar- marknadsområde Østlandet - Forsvarsbygg utleie

FirmaForsvarsbygg
FylkeHedmark
StedRena
Søknadsfrist15.06.2014

Driftsservice har direkte ansvar for driftstenesta og kundeservicen innanfor ansvarsområdet sitt, og for å sjå til at dei blir utførte innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane.

Arenaleiarrolla skal bidra til å oppnå:

At Forsvarsbygg blir oppfatta som ein koordinert organisasjon med eit tydeleg andlet utad mot brukarar, tingarar og publikum

Nøgde brukarar gjennom tett dialog, einskapleg og tydeleg informasjon og kommunikasjon

Betre og meir effektiv service gjennom rask respons, oppfølging og tilbakemelding på førespurnader

Eit godt omdøme for arenaen og Forsvarsbygg

Meir samhandling på tvers av forretningsområda i Forsvarsbygg, slik at vi viser oss som eitt Forsvarsbygg innan arena.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Etablere aktivitetsplan/årsplan for arenaen
  • Delta i utarbeidinga av planverket til arenaen
  • Hjelpe til med å utgreie vedlikehalds- og fornyingsbehov
  • Bidra til vidare utvikling av rutinar og system slik at verksemda sine serviceleveransar er effektive
  • Representasjon i viktige forum og møte på arenaen ut over koordineringsmøte som arenaleiaren har ansvar for
  • Identifisere feil og manglar og ta initiativ til å rette dei opp
  • Formidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader
  • Motivere, følgje opp og lære opp personell slik at kvar einskild best mogleg kan meistre sine tildelte oppgåver, utfordringar i arbeidet og framtidige endringar i arbeidssituasjonen og arbeidsforholdet
  • Ha tilsyn med økonomien innan ansvarsområdet
  • Syte for at eininga utfører driftsoppdrag sjølv eller i samarbeid med andre, og hjelpe Utleigeservice og Vertsskapsservice når det trengst
  • Ta seg av ansvar og oppgåver som følgjer av ansvarsmatrisen for marknadsområdet
  • Delta i tverrfagleg samarbeid på marknadsområdet
  • Andre oppgåver pålagde av overordna

Ansvarsområdet til stillinga:

  • Ta seg av arenakonseptet og vere arenaen sitt andlet utad mot brukarane
  • Sikre relevant og einskapleg informasjon til og kommunikasjon med brukarar og andre interessentar på arenaen på vegner av Forsvarsbygg
  • Ansvar for utandørs arealdisponering (lagring av konteinarar, gjennomføring av arrangement, sambruk osb.)
  • Ansvar for etablering og gjennomføring av faste samarbeidsmøte/koordineringsmøte på arenaen mellom dei ulike forretningsområda
  • Leggje til rette for og ta initiativ til arrangement
  • I samarbeid med serviceleiaren for drift vere ansvarleg for:
  • Utførande drift og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt, inkludert gjennomføring av driftsplan, avvikshandtering, samarbeid med og oppfølging av kundar, og oppfølging av leverandørar
  • At eininga utfører tenester og oppdrag på ein fagleg og forskriftsmessig måte
  • Å bidra til at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert HMS og internkontroll for verksemda og personellet til avdelinga
  • Å ha tilsyn med tilsette i eiga eining, inkludert:
  • Personelldisponering
  • Fagleg oppfølging, avdekkje behov for kompetanseheving osb.
  • Gjennomføre medarbeidarsamtaler
  • Resultat- og økonomioppfølging
  • Utarbeide grunnlagsmateriale til budsjett og kontraktar
  • Økonomioppfølging innanfor ansvarsområdet

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk miljø
  • Løn som driftsleiar/avdelingsingeniør/overingeniør (kode 1137/1085/1087)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Stillinga er del av eit konsept i utvikling, noke som gjer moglegheit for endra oppgåver og ansvarsområde

Søk her

Kontaktinfo:

Thomas Faller - Leiar driftsservice - (+47) 404 47 074

Oddbjørn Hagen - Stabsleiar - (+47) 414 76 623


Vis flere stillinger: