Risøybrua har vunnet Betongrehabiliteringsprisen2014. (Foto: Statens vegvesen)

Betongrehabiliteringsprisen til Risøybrua

I desse dagar fyller Risøybrua 75 år. Då passar det godt at brua har vunne nok ein pris.

Denne gongen er det Norsk forening for betongrehabilitering som har tildelt brua Betongrehabiliteringsprisen for 2014, melder vegvesen.no.

Førre gongen var då brua vann vegdirektørens Vakre Vegars Pris i 2008, noko som vart feira med stor festivitas under 70-årsjubileet i 2009.

– Dette er stas! Det er kjekt når arbeidet vi gjer blir lagt merke til av andre, seier Magne Langeteig ved vegseksjonen i Stavanger.

Det er han som følgjer opp drift og vedlikehald av bruer og kaiar i Rogaland.

– Dette er ei fjør i hatten til dei som driv med vedlikehald, og eit godt eksempel på at det går an å gjere det fint og varig. Vi tar det som ei god oppmuntring til Rogalandsmiljøet og eit teikn på at vi er på rett veg, seier Langeteig.

Pris 10 år etter

Rehabiliteringsarbeidet som no vert anerkjent nok ein gong, vart faktisk gjort i 2004 og 2005. Det var det andre store vedlikehaldsarbeidet på brua. Langeteig hadde ansvar for tilsvarande arbeid i mindre omfang, i 1991.

Langeteig forklarar at alder og plassering gjer at klorider i betongen er hovudproblemet på Risøy bru. Når armeringa begynner å korrodere ser vi at betongen blir ‘sprengt av’ i små og store flak.

– I 2004 og 2005 rehabiliterte vi betongen og forsterka den, alle betongskadar blei reparert. Vi la inn såkalla katodisk beskyttelse på større delar av brua. Det vil seie at vi brukar straum for å forhindre korrosjon på armering i områder med klorider i betongen. I tillegg fekk vi på plass nye fuger, ny fuktisolasjon og asfalt, og ny overflatebehandling av heile brua.

Solid bru

Brua som opna i mai i 1939 er 366 meter lang, med eit hovudspenn på 100 meter. Den strekker seg majestetisk over Smedasundet i Haugesund, og har for lengst blitt eit landemerke i sildabyen.

Trass i mykje tungtransport til verft og kaiar på Risøy gjennom 75 år har brua haldt stand. Med den siste rehabiliteringa i mente trur Magne Langeteig at brua framleis har mange gode år framføre seg.

– Det er ei flott bru, og med jamt og godt vedlikehald skal Risøybrua kunne leve og fungere i mange år framover. Det har vore snakk om ny Risøybru i fleire år, men sidan det ikkje ligg føre konkrete planar enno, må vi ta godt vare på den brua vi har, avsluttar Magne Langeteig.