Direktør For Drift og Eigedom

Helse Førde HF yter spesialisthelsetenester til dei 108 500 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar. Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og ansvar for ambulanseteneste. Tal på tilsette er omlag 2500, og budsjettet er på 2,4 milliardar kroner.

Føretaket er organisert i 4 klinikkar. Det er det statlege Helse Vest RHF som eig Helse Førde. Helse Førde skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

FirmaHelse Førde HF
FylkeSogn og Fjordane
Søknadsfrist09.06.2014

Vil du vere med å påvirke Helse Førde videre?

HELSE FØRDE SØKJER DIREKTØR FOR DRIFT OG EIGEDOM

Helse Førde står framfor realiseringa av ein ambisiøs arealplan som er viktig for at vi også skal nå våre helsefaglege mål. Som direktør for Drift og eigedom vil dette vere eit av hovudansvarsområda dine dei komande åra. Divisjonen har til saman 130 årsverk og eit årsbudsjett på vel 150 millionar kroner.

Vi søkjer ein person som ønskjer å skape resultat, men som også er prosessorientert.

Det er ønskjeleg at du har erfaring frå prosjektarbeid, og byggfagleg kompetanse.

Samstundes må du ha interesse for sjukehusdrift, og erfaring frå leiing av større organisasjonar. . I tillegg til eigedomsdrift og teknisk vedlikehald, har Drift og eigedom ansvaret for reinhald, portørtenester, forsyning og medisinsk teknisk utstyr.

Ref. nr.: 2195267814

VIL DU VETE MEIR?  TA KONTAKT MED:

Viseadm. direktør Vidar Vie, tlf. 48 07 75 86. Eller vår Rådgiver Janne Mosaker i Prime People på tlf 41 60 77 87.

SØKNADSFRIST 9 juni 2014

FOR Å SØKE PÅ STILLINGEN:

www.helse-forde.no/jobb

www.helse-forde.no

Vis flere stillinger: