Etterforskar sprengingsuhellet på Hundvåg

– Vi er veldig letta over at menneske ikkje blei skada, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord.

Tysdag ettermiddag skjedde eit sprengingsuhell i samband med bygginga av Ryfylketunnelen på Hundvåg. Sprenginga i dagsona blir nå stoppa. Arbeidet inne i tunnelen fortset.

Uhellet skjedde på AF Gruppens anlegg på Hundvåg nord. Her blir Ryfylketunnelen bygd frå Stavangersida

– Slike uhell skal ikkje skje. Nå ventar vi på kva politiet og Arbeidstilsynet si gransking viser. Entreprenørene sine prosedyrar blir gjennomgått. Vi skal finne ut kva som gjekk galt, og lære av det, poengterer prosjektleiaren i Ryfast.