Ny asfalt på Hardangerbru-viadukter

Ein mindre del av Hardangebrua får ny asfalt. Det er sidespenna mellom tårn og tunnelportalane på båe sider av fjorden som no får nytt vegdekke.

Det er altså tale om dekkelegging på den 35 meter lange viadukten på Bu og tilsvarande sidespenn i Vallavik på 25 meter. Dette er ein reklamasjon frå Statens vegvesen mot entreprenøren som la dekket sommaren 2013. Asfaltlaget i det 1.310 meter lange hovudspennet er i orden og skal ikkje skiftast, opplyser delprosjektleiar Asbjørn Valen i Statens vegvesen.

Arbeidet skjer om natta mellom kl. 21.00 og 06.00 frå onsdag 21. mai, og skal vera avslutta laurdag 24. mai kl. 06.00. Det blir først fresing av noverande asfaltlag, deretter legging av nytt vegdekke. Arbeidet pågår i eitt køyrefelt om gangen, og det blir manuell dirigering av trafikken når arbeidet pågår.

Det står elles også att ein del måling på undersida av stålkassen på brua. Dette vil pågå frå vedlikehaldsvogna på Hardangerbrua, og vil ikkje gi hindringar for biltrafikken over brua.