Askøypakken søkjer dyktig prosjekteringsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedAskøy
Søknadsfrist01.06.2014

Vegvesenet er i full gang med Askøypakken, og treng dyktige medarbeidar som vil vere med på det store vegløftet på Askøy. Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år. Saman med vegarbeidet skal det utførast betydeleg arbeid med VA-anlegg for Askøy kommune.

Askøypakken ønskjer no å starte på delprosjekta fv. 212 Slettebrekka og fv. 563 Strømsnes. Prosjekta inneheld fleire bruer og tunneler, vanskelege tilpassingsoppgåver på eksisterande veg, og nye veg i nytt terreng – mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver for den rette personen. Prosjekteringsoppdraga skal utførast modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i. Det arbeidast parallelt med dei øvrige prosjekta i pakken, både med prosjektering og planlegging.

Stillinga vil være tilknytt i vegavdelinga Hordaland. Askøypakken vil etablere prosjektkontor på Askøy, og prosjekteringsleiar får kontorplass der saman med resten av prosjektteamet.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til følgjande område:

  • Styre prosjekteringsoppdrag
  • Fagleg koordinering av fleire ulike fagfelt
  • Bidra og følgje opp prosjekteringa i byggeperioden
  • Arbeid med anskaffing
  • Intern fagleg bistand

Kvalifikasjonskrav:

  • eksamen frå universitet eller høgskule innan veg-/ arealplanlegging eller tilsvarande, minimum 3 år
  • erfaring som prosjekteringsleiar/ planleggingsleiar
  • erfaring frå planlegging av bru, veg og tunnel
  • god skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner, løysingsorientert og stå på vilje.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Prosjektet vil bruke tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkes. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:Ole-Henning Davik

tlf: +47 55516358

mob: +47 91699192

Søk via denne sida


Vis flere stillinger: