Risa lågast på Sømmevågen vest

Statens vegvesen har fått inn fire tilbod på bygging av firefeltsveg i Sømmevågen og til Stavanger lufthavn, Sola.

Prosjektet heiter Rv. 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen , og inneber mellom anna utviding av riksvegen mot flyplassen og eit toplanskyss i Sømmevågen.

Det er Risa som har det lågaste tilbodet, på nær 324 millionar kroner. Dei tre andre som leverte tilbod er Vassbakk og Stol AS, Arbeidsfelleskap Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS og Stangeland Maskin AS.

– Vi er nøgd med prisnivået på tilboda, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland. Nå må vi rekne på om prisane er rette.

Nerland og resten av prosjektleiinga skal nytte neste veke til å kontrollrekna tilboda, før dei innstiller den entreprenøren som ligg lågast. Tilbodet skal deretter behandlast i anbodsnemda.

– Vi tar sikte på å skrive kontrakt i midten av juni, forteller Nerland. Då blir det truleg byggestart i Sømmevågen i august.