Startar utbetringsarbeid på fylkesveg i Rogaland

Statens vegvesen startar denne veka utbetringsarbeid av bilvegen opp mot turområda ved Dalsnuten, Gramstad og Kubbetjønn i Rogaland. I den fem månader lange anleggsperioden kan fylkesvegen bli stengt i inntil to timar om gongen.

Illustrasjon: www.vegvesen.no

Fram til oktober blir det vegarbeid på fylkesveg 338, Fjogstadveien i Sandnes i Rogaland. Det er vegen som går frå Daleveien og opp til turområda rundt Dalsnuten, Gramstad og Kubbetjønn.

– Vi skal drenere, lage nye grøftar og utvide 1300 meter av vegen, seier byggleiar Tor Skårland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Steng inntil to timar

Entreprenøren har allereie rydda ein del skog langsmed vegen. Skårland fortel at vegarbeidet skal gå føre seg på kvardagar mellom kl. 07.00 og 15.00. I denne perioden kan vegen bli stengt i inntil to timar. Etter kvart trur byggeleiaren at det blir lysregulering, slik at stengingane blir meir forutsigbare.

Årsaka til at vegen blir heilt stengt i periodar, er at arbeidsfolka treng heile veg-breidda til å jobbe på. Det kjem også til å bli noko sprengingsarbeid for å gjere vegen breiare.

– Men vi kjem ikkje til å sprenge før etter 17. mai, seier Skårland.

Omsyn til turgåarar

– Vi veit at Fjogstadvegen er svært trafikkert av folk som køyrer til og frå turområda rundt Gramstad. Difor skal vegen vere open om ettermiddagene og i helgane, forsikrer Skårland.

Skårland legg til at viss turbussar frå til dømes skular skal fram, er det greit å vite. Då kan entreprenøren tilpasse arbeidet noko.

– I såfall må dei melde ifrå, oppmodar han.

Byggeleiaren minner om at det også er mogleg å køyre vidare på Daleveien, fram til Dale for å gå tur til Dalsnuten.

Utbetringsarbeidet på den 1300 meter lange strekninga skal vere ferdig i løpet av september.