Kirkens Bymisjon fekk pris for ByBo

I grunngjevinga til juryen heiter det at ByBo viser kor viktig det er at også frivillige organisasjonar engasjerer seg i å busetja fleire vanskelegstilte. 

Prisen vart utdelt under Boligsosial lederkonferanse i Oslo 12. mai av juryleiar og fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa.

Ifølgje regjeringen.no meiner juryen at ByBo er eit førebilete både når det gjeld måten dei samarbeider med offentlege etatar på, utvikling av butilbod og i det å dela kunnskap med andre.

- Kirkens bymisjon ved ByBo har over tid utvikla metodar for busetjing av vanskelegstilte med gode resultat. Arbeidet dei gjer og metodane dei har utvikla tar utgangspunkt i brukarmedverknad der det einskilde menneske står i sentrum. I tillegg til å lukkast med å busetja vanskelegstilte, deler dei raust av sine kunnskapar og erfaringar. Denne verdifulle erfaringsutvekslinga er avgjerande for utviklinga av nye, innovative arbeidsmetodar innanfor det bustadsosiale feltet, seier juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

Statens pris for bustadsosialt arbeid er ein heiderspris til instansar som kan visa dokumentert effekt på:

Auka busetjing av vanskelegstilte på bustadmarknaden

Heiskapleg satsing i utvikling og drift av bustadsosialt arbeid

Tiltak som motverkar at bustadløyse oppstår

I tillegg skal det bustadsosiale arbeidet ha overføringsverdi til andre.