Kontorleiar Ålesund

Nordplan er eit fleirfagleg kompetansemiljø på 46 medarbeidarar som utfører arkitekttenester, landskapsarkitekttenester, arealplanlegging, bygge- og anleggsteknisk prosjektering og prosjektadministrasjon. Vi tilbyr design-, plan- og prosjekteringstenester gjennom heile verdikjeda frå planlegging og design, prosjektering og produksjon fram til ferdig bygt anlegg. Nordplan har hovudkontor på Nordfjordeid og avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå.

Les meir om oss på www.nordplan.no

FirmaNordplan AS via Mercuri Urval
FylkeMøre og Romsdal
StedÅlesund
Søknadsfrist18.05.2014

Engasjert – Forretningsorientert – Synleg

Vi søkjer ein utviklingsorientert og drivande leiar med kommersiell teft. Som leiar ved kontoret i Ålesund vil du ha ansvar for strategisk arbeid, samtidig som stillinga vil innehalde viktige operative oppgåver. Med utgangspunkt i eit spennande kompetansemiljø skal du leie ei avdeling med stort potensiale i ein krevjande marknad.

Vi ynskjer oss søkjarar som trivst i eit innovativt fagmiljø og som blir motivert av å utvikle og omsette vår fagkompetanse til konkurransedyktige løysingar. Vi ser etter deg som arbeider strukturert og målretta og som har evne til å synleggjere, inspirere og motivere vår organisasjon.

Den vi søkjer har høgare teknisk utdanning og dokumentert leiarerfaring. Det er ynskjeleg med erfaring/kunnskap frå relaterte bransjar. Du er ambisiøs og utprega marknads- og forretningsorientert med fokus på vekst og utvikling. Vi verdset initiativ og gjennomføringskraft der gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vil vere grunnleggjande.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling i eit fagmiljø med stort potensiale, der du vil vere sentral i den vidare veksten.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036 og Gro Reinertsen, tlf 975 59 058. Søk på stillinga snarast, og seinast innan 18.mai 2014. Alle forespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar.

søk