Bruplanleggjar fjordkryssingsprosjektet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedStavanger eller Leikanger
Søknadsfrist01.06.2014

No har du sjansen til å jobbe med banebrytande arbeid på dei mest ekstreme fjordkryssingane i vegprosjektet «Ferjefri E39». Du vil få høve til å samarbeide med fagfolk frå hele landet, og utvikle din fagkompetanse.

Bruseksjonen i Statens vegvesen, Region vest, søkjer etter nye erfarne medarbeidarar til å bidra inn i delprosjektet «Fjordkryssingar», som er ein del av «Ferjefri E39». Dette delprosjektet skal vurdere dei teknologiske utfordingane vi står overfor ved ferjefri fjordkryssing, og korleis disse utfordingane kan løysast med ulike typar bruer. Det er i første omgang snakk om utvikling av flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden, men andre fjordkryssingar/konsept kan også vere aktuelle.

Du vil formelt ha ei fast stilling hos bruseksjonen i Region vest, men vil arbeide saman med Fjordkryssingsprosjektet. Bruseksjonen har i dag til saman 31 medarbeidarar lokalisert til kontora i Bergen (10), Leikanger (4) og Stavanger (17). På delprosjektet for Fjordkryssing jobbar per i dag 4 personar på full tid, fordelt på 3 i Stavanger og 1 i Leikanger. I tillegg kjem fleire som er knytt til dette på deltid. Vi ynskjer ein ny medarbeidar i Stavanger og ein ny i Leikanger, ønskje om kontorstad må difor oppgjevast.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere

  • Utvikling av alternative konsept for fjordkryssing, for eksempel flytebru og røyrbru
  • Oppgåver ifm prosjektet «Fjordkryssingar»
  • Utvikling av brukonsept for Bjørnefjorden
  • Reiseverksemd i samband med møter, arbeidsgrupper og konferansar må påreknas
  • Oppfølgjing av forskningsarbeid ved NTNU, UiS og andre
  • Utarbeiding og oppfølgjing av konsulentoppdrag

Kvalifikasjonskrav for stillingane

  • Eksamen frå universitet eller høgskule med relevant linje- og fagkombinasjon
  • Fortrinnsvis utdanning med mastergrad, men bachelorutdanning vil òg bli vurdert
  • Ønskjeleg med erfaring i bruk av DAK-verktøy som AutoCAD/ NovaPOINT, analyseprogram for bruer og marine konstruksjonar, samt generelle program som Excel og Word
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig, strukturert og ha stå-på-vilje for å få gjennomført oppgåvene
  • Erfaring med prosjektering av konstruksjonar utsatt for dynamiske påkjenningar frå marine miljø er føretrekt
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne på engelsk

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den verte godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram (for leiarstillingar)
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og tryggerammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:

Maylen Torsteinbø

mob: +47 97656525

Søk via denne sida