Landskapsarkitekt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist01.06.2014

Har du lyst å jobbe med utforminga og visualiseringa av vegprosjekt i Statens vegvesen? På grunn av aukande aktivitet har vi no fleire ledige stillingar.

Planseksjonen er ein del av Ressursavdelinga som har eit samla fagmiljø på ca. 260 medarbeidarar i regionen. Vi har kontor i Leikanger, Bergen og Stavanger. Planseksjonen løyser prosjekta via eigenplanlegging eller bruk av konsulentar, og vi utfører i hovudsak planprosessar etter Plan- og bygningslova (kommune- og reguleringsplanar) til og med byggeplanar, samt utgreiingar og analyser. Prosjekta varierar frå store veganlegg til bygateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auke vesentleg i regionen. Som følgje av dette treng vi å styrke bemanninga ved Planseksjonen.

Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av veg- og gateprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse.

  • Landskapstilpassing og estetisk utforming av veg, gate og tunnel
  • Utarbeiding av landskapsanalyser
  • Utgreie miljøtema i samband med konsekvensanalysar
  • Utarbeiding av 3d-visualiseringer og illustrasjonar
  • Innkjøp og styring av konsulentoppdrag
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Bistand til oppfølging i byggefasen

Kvalifikasjonskrav

  • Eksamen frå universitet innan landskapsarkitektur eller arkitektur
  • Ønskeleg med erfaring frå planlegging av vegar og tunnelar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søkje.
  • Ønskeleg med talent for, og erfaring med visualisering og illustrasjon, samt 3D-visualisering
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegging og prosjektering (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, sjølvstendig, fagengasjert og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • God sjølvinnsiktog høg integritet

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram (for leiarstillingar)
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og tryggerammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:

Franka Häussler

tlf: +47 51911481

mob: +47 90518298

Søk via link på denne sida

Vis flere stillinger: