Byggherrestøtte

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedNordfjordeid
Søknadsfrist24.05.2014

I avdeling Sogn og Fjordane, vegseksjon Fjordane, er det ledig stilling som byggherrestøtte. Vi søker etter ein person som skal vere ein støttespelar for seksjonsleiinga, samt prosjekt- og byggeleiarane. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest med kontorstad for tida på Nordfjordeid.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

• Støtte til seksjonsleiar, prosjekt- og byggeleiarar

• Støttefunksjon for ulike datasystem

• Enklare sakshandsaming

• Referatskriving

• Rapportering

Kvalifikasjonskrav:

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet. Du må ha førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer viei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

• har relevant arbeidserfaring

• har evne til å ta avgjerdsler og arbeide sjølvstendig

• har god skriftleg framstillingsevne

• er engasjert, initiativrik og jobbar strukturert

• har gode samarbeidsevner, og er fleksibel

Vi kan tilby:

• varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit til tider hektisk arbeidsmiljø

• gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning

• triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

• fleksitid og gode ordningar for avspasering

• pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

• løn i samsvar med Statens vegvesen sin lønspolitikk

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss – uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Kontaktpersonar:

Margot Åsebø

mob: +47 95191902

Søk via link på denne sida