Byggjeleiar for investeringsprosjekt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde eller Nordfjordeid
Søknadsfrist27.05.2014

I Statens vegvesen Region vest, vegavdeling Sogn og Fjordane, har vi ledig stilling som byggjeleiar innan investeringsprosjekt med kontorstad i Førde eller Nordfjordeid.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til investeringsprosjekt på riks- og fylkesvegar i Nordfjord og Sunnfjord.

Stillinga vil vera knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidsoppgåvene vert:

utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføring av anbodskonkurranser

teknisk og økonomisk oppfølging av kontrakter

utføre kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll

drive HMS-arbeid

ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar

ha kontakt og oppfølging av entreprenør og andre leverandørar

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidater med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Du må ha førarkort for bil klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

har erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring

har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert

har evne til å arbeide i tidvis hektiske tilhøve

har gode samarbeidsevner og er fleksibel

Vi kan tilby:

varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

det største byggherremiljøet innafor veg- og anleggsarbeid på vestlandet

etatsskular og høve til fagleg påfyll

triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

fleksitid og gode ordningar for avspasering

pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

Løna vert avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Margot Åsebø

Mobil

951 91 902