Illustrasjonsfoto

Sprenger siste salve i Vikanestunnelen

Arbeidet med nye E134 Skjoldavik-Solheim har kome så langt at den 280 meter lange Vikanestunnelen blir ferdig sprengt ut på fredag formiddag. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å leggje ny E134 utanom Skjold sentrum.

Vikanestunnelen, som er en del av Haugalandspakken, startar like bortom kyrkja i Skjoldavik, går under skulen på Vikaneset og kjem ut bak skulebygningane.

- På fredag får vi gjennomslag i Vikanestunnelen, seier prosjektleiar Asbjørn R. Opedal i Statens vegvesen.

Arbeidet har gått noko saktare framover enn opphavleg planlagt.

- Kvaliteten på berget har vore noko dårlegare enn vi hadde sett føre oss, seier Opedal til vegvesen.no.

Først om halvanna år står det største vegprosjektet i Haugalandspakken ferdig. Innan den tid skal to tunnelar, seks bruer og totalt 2,8 kilometer ny veg byggast.

- Om ein dryg månad får vi gjennomslag i Eggjatunnelen. Etter at tunnelane er ferdig sprengte og portalane støypte, skal vi vass- og frostsikre dei før vi legg opp det elektriske anlegget, fortel Asbjørn R. Opedal.