E134 Svandalsflonatunnelen skal mellom anna få nytt PE-skum. Illustrasjonsfoto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Fem vil oppgradere Svandalsflonatunnelen på Haukeli

Statens vegvesen har fått inn tilbod frå fem entreprenørar på oppdraget med oppgradering av E134 Svandalsflonatunnelen på Haukelifjell.

Oppdraget var også lyst ut i 2013. Då fekk ein berre eitt tilbod og konkurransen blei avlyst.

– Vi er godt nøgde med at vi denne gongen har fått inn fem tilbod, seier byggjeleiar Hans Myklatun i Statens vegvesen. No skal prisane kontrollreknast, før det blir laga innstilling. Så er det klagefrist som løper før det kan skrivast kontrakt. Planen er å koma i gang med oppdraget i juni, med fullføring 1.november. Då vil vi kunne sleppa trafikken på ein oppgradert tunnel før den tyngste vinteren set inn, seier Myklatun til vegvesen.no.

Her er tilboda:

Gjerden Fjellsikring 27,6 mill.kr.

AF Gruppen 29,6 mill. kr.

BMO Tunnelsikring AS 34,9 mill. kr.

Implenia Norge 37,7 mill. kr.

AS Birkeland entreprenørforretning 43,9 mill. kr.

Trafikk på gamlevegen

Trafikken blir dirigert i kolonne med ledebil på gamlevegen under anleggsperioden, medan bussar i rute og utrykkingskøyretøy får passere gjennom Svandalsflonatunnelen. Arbeidet omfattar sprenging og sikring, byte av vass- og frostsikringsplater, bygging av nye grøfter med kabelrøyr - og ein del elektroarbeid.