HMS-Koordinator på prosjektet E16 over Filefjell

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeOppland
StedTyinkrysset
Søknadsfrist18.05.2014

Statens vegvesen er i gang med bygging av ny E16 frå Øye i Vang kommune i Oppland til Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vegstrekninga er 40 km inklusiv 3 tunnelar på til saman 12 km, og har ein totalkostnad på 3 milliardar kroner. Anlegget er venta ferdigstilt i 2017 - 2018. Byggherrekontoret vert frå sommaren 2014 lokalisert til Tyinkrysset i Vang kommune.

Vi har ledig fast stilling som HMS-koordinator som skal ha som hovudarbeidsområde å syte for at HMS blir godt ivareteke i anleggstida på E16 Filefjell. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad på byggherrekontoret for prosjektet.

Arbeidsoppgåver:

Ansvar for oppfølging av HMS i prosjekterings- og byggjefasen

Sjå til at internkontroll-, byggherreforskrifta og anna offentleg regelverk blir følgt

HMS-koordinator for anleggskontraktane etter byggherreforskrifta

Ta initiativ for å utvikla og forbetra HMS-arbeidet i prosjektet

Sjå til at prosjektet sine tilsette og spesielt byggjeleiinga er oppdatert fagleg innafor HMS-området

Sjå til at HMS blir rapportert i samsvar med rutinar og retningslinjer

Endeleg ansvar i stillinga vil bli avgjort i samsvar med den tilsette sin kompetanse og erfaring

Kvalifikasjonar:

Minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan fagområdet. Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. Omfattande og relevant erfaring innafor fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning.

Krav om førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Er omgjengeleg, sjølvstendig, løysingsorientert og strukturert

Har gode samarbeidsevner og er fleksibel

Vi tilbyr:

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

At du blir ein del av det største byggherremiljøet innafor veg- og anleggsarbeid på Vestlandet

Gode vilkår for fagleg oppdatering og vidareutdanning

Eit triveleg arbeidsmiljø og ordna arbeidsforhold

Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse

Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du stillinga via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-037-14.

Spørsmål om stillingen?

Odd Erik Haugen

Telefon

57 65 57 68

Mobil

950 46 057

Vis flere stillinger: