Vegplanleggar, Leikanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist23.05.2014

Ønskjer du å jobbe med planlegging av vegar i Statens vegvesen? Vi kan by på mange spennande utfordringar innan dette fagfeltet på Planseksjonen i Leikanger.

Planseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med 260 medarbeidarar. Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i eigen regi eller ved bruk av konsulentar. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

På Planseksjonen i Leikanger er vi 17 medarbeidarar innan fagområda veg, planprosjektleiing, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom anna innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse.

• planlegging av veg, gate og tunnel

• planleggingsleiing

• arbeid med regulerings- og kommunedelplanar

• sakshandsaming etter plan- og bygningslova

• anskaffing og styring av konsulentoppdrag

Kvalifikasjonskrav:

• Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.

• Ønskeleg med erfaring innan prosjektering av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søke.

• Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy. (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

• introduksjonsprogram og fadderordning

• fleksitid og gode ordningar for avspasering

• pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse

• etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal du varslast om dette.

Søk via link på denne sida

Kontaktpersonar:

Ellen Slinde

tlf: +47 57655795

mob: +47 99203238