Arsvågen i Bokn. Illustrasjon: Statens vegvesen / Cowi as

Enorme skildnader på Rogfast-prosjektering – Norconsult lågast

Norconsult har levert det lågaste tilbodet. Dei vil ha godt 85 millionar kroner for å planlegge og prosjektere veg, tunnelar og konstruksjonar for Rogfast.

Oppdraget omfattar planlegging og prosjektering av E39 Rogfast frå Harestad i Randaberg kommune til Laupland i Bokn kommune.

– Dette er eit stort oppdrag og ein viktig milepåle for Rogfast. Eg er godt nøgd med vi fekk så mange som seks tilbydarar, og at det er store og velrenommerte firma som har levert tilbod seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Desse seks vil planlegge og prosjektere Rogfast:

1. Norconsult As 85.033.122 kroner

2. Multiconsult As 99.655.400 kroner

3. Sweco Norge As 111.785.873 kroner

4. Cowi As 122.405.950 kroner

5. AF Mott Macdonald Norge As/Geoconsult Zt Gmbtt 144.398.924,65 kroner

6. ÅF Norge As 349.000.000 kroner

Statens vegvesen skal nå evaluere tilboda og det er venta at kontrakt kan underteiknast før sommarferien.

Konsulenten som får kontrakaten skal lage forprosjekt, konkurransegrunnlag (teikningar og skildringar), og byggeplan (arbeidsteikningar og data for bygging).

Arbeidet inkluderer også planlegging og prosjektering av tunnelarmen til Kvitsøy. I tillegg er det snakk om planlegging og prosjektering av dagsoner i Randaberg, på Kvitsøy og på Bokn. Planlegging og prosjektering av massedeponi Mekjarvik sør, på Kvitsøy, i Arsvågen og i området Knarholmen er også ein del av kontrakten som er lyst ut. På Bokn er det i tillegg ein opsjon på planlegging og prosjektering av kryss ved Knarholmen, kryss på Austre Bokn og ein del støytiltak mellom kryssa.

E39 Rogfast består av ein cirka 27 kilometer lang tunnel mellom Harestad i Randaberg og Laupland i Bokn, ein rundt fire kilometer lang tunnelarm til øya Kvitsøy, samt kryss og veg i dagen i dei tre kommunane. Rogfast blir verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel.