Ved Økslandsvatnet skal den smale og svingete vegen erstattast av tunnel. Foto: Statens vegvesen.

AF Gruppen skal bygge ny E39 i Gaular

AF Gruppen skal bygge ny E39 mellom Dregebø -Grytås og Birkeland-Sande i Gaular. Prosjektet skal stå ferdig 1. juni 2016.

Kontrakten vart signert fredag 25.april, og omfattar i alt 9 kilometer ny veg og ein tunnel forbi Økslandvatnet. Denne tunnelen blir 760 meter, og den vil erstatte eit smalt og svingete vegstykke.

Betongarbeid i gang

Betongarbeid ved Sande, som mellom anna omfatta ny kulvert for fv.610 og ny bru over Gaula vart skilt ut i ein eigen entreprise. Dette arbeidet er godt i gang, og skal stå ferdig innan 30.september 2014. Det er også utført noko arbeid ved Økslandsvatnet, der tunnelinnslaga er sikra og rydda for skog.

Prosjektet inneheld tre bruer, som har ei lengde mellom 15 og 20 meter: Dregebø bru, Øksland bru og Løfall bru. Den nye vegen vil bli bygd utan å gjere inngrep i dei mange historiske bruene som er i dalen.

- Utfordrande arbeid

Medan parsellen lengst nord, E39 Birkeland-Sande, stort sett går gjennom urørt natur, skal ein mellom Dregebø og Grytås bygge ny veg anten tett ved eksisterande E39, og til dels på eksisterande E39. Dette vil bli utfordrande, vedgår prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale.

- Skal vi få til dette må vegen stengast i periodar. Vi ynskjer å ha god dialog med trafikantane, spesielt transportnæringa og dei som har E39 som arbeidsveg, seier Dale.

Det kan verte aktuelt med ei SMS-varslingsteneste ved stengingar på strekninga.

Elektro i eigen kontrakt

Dei neste tre vekene er sett av til samhandling mellom byggherre og entreprenør, og anleggsdrifta startar opp i slutten av mai.

Kontrakten omfattar ikkje elektroinstallasjonar i tunnelen, dette arbeidet blir lyst ut i eigen entreprise. Tunnelen skal stå klar i midten av november 2015, slik at elektroarbeidet då kan gå i gang.