Vegplanleggjarar, Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist15.05.2014

Ønskjer du å jobbe med planlegging og prosjektering av vegar i Statens vegvesen? Vi kan by på mange spennande utfordringar innan dette fagfeltet på Prosjekteringsseksjonen i Bergen.

Prosjekteringsseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med 260 medarbeidarar. Vi utfører m.a. veg-, gate- og tunnelplanlegging på store og små investeringsprosjekt i eigen regi eller ved bruk av konsulentar.

På Prosjekteringsseksjonen i Bergen er vi 32 medarbeidarar innan fagområda veg, landskap, miljø og elektro, der 19 er vegplanleggjare.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan blant anna følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse.

  • Detaljprosjektering av byggeplanar innan veg-, gate- og tunnel
  • Prosjekteringsleiing
  • Utarbeiding av teikningsgrunnlag og skildrande tekst for innhenting av tilbod frå entreprenørar
  • Anskaffelse og styring av konsulentoppdrag
  • Faglig oppfølging i byggefasen

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.
  • Ønskeleg med erfaring innan prosjektering av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søke.
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy. (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning
  • Dersom du har teke heile eller deler av utdanningen din i utlandet, må den godkjennast av NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklingen, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal du varslast om dette.

Søk via denne sida

Kontaktpersonar:

Annicke Bergh Monsen

tlf: +47 55516523

mob: +47 92237372


Vis flere stillinger: