Fornybarkonferansen

StedNordfjordeid, Norge
ArrangørNordfjordvekst m.fl.
Fra06.05.2014
Til06.05.2014
TidspunktTirsdag kl 11.00 - 18.00

Smart energisparing i bygg – konsept for kortreist energi

Ni av ti norske byar og tettstader har verdas enklaste og billegaste energikjelde rett utanfor døra: Sjøen. NVE anslår at sjøvatn kan dekke nær 40 prosent av Norge sitt samla oppvarmings- og kjølebehov!

Nordfjordeid i Sogn og Fjordane er eit fullskala utstillingsvindauge for bruk av sjøen som energikjelde. Her finn du eit av Norges største Fjordvarme-anlegg og signalbygg på smart energibruk basert på sjøvatn: Operahuset Nordfjord/Eid vidaregåande skule og Nordfjord Sjukehus.

Den 6. mai inviterer vi kommunar, fylkeskommunar, energibransjen, utbyggarar/byggherrar, helseføretak og andre interesserte til Nordfjordeid for å finne svar på energi-utfordringane som no står for døra.

Denne dagen får du sjå og studere fjordvarme på nært hold - og bli inspirert! Du får også lære meir om kvifor fjordvarme, energi frå sjøen og smart energistyring av bygg kan vere det enkle svaret på statlige krav om utfasing av oljefyring og skjerpa energikrav til bygg - samt kutte energikostnadene for all framtid.

Program og påmelding