Seksjonsleiar, bru

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedBergen eller Stavanger
Søknadsfrist11.05.2014

Vi søker seksjonsleiar til bruseksjonen ved Ressursavdelingen i Region vest. Du vil få ansvar for 31 medarbeidarar fordelt på 3 kontorstader. Du får eit overordna ansvar for å leie og utvikle eit aktivt og kompetent fagmiljø med stor eigenproduksjon og med nasjonal spesialistfunksjon innan betongbruer.

Seksjonen har ansvar for bl.a prosjektering av nye bruer og ferjekaier med utarbeiding av forprosjekt, konkurransegrunnlag og kontrolloppgåver, samt bruinspeksjonar og prosjektering av vedlikehaldsoppgåver

Du blir ein del av ressursavdelingen si leiargruppe og skal vere med på å styre avdelingen sin aktivitet og utvikling i åra framover.

Arbeidsoppgåvene blir å leie seksjonen i det daglege. Du skal leie og delta i det faglege arbeidet, koordinere arbeidsoppgåvene og syte for at dei tilsette utviklar seg.

Dette ønsker vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evnen til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønsker at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid – både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande.

Som leiar av seksjonen er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg

Alle leiarar i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav

Du har min. 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt egna for stillinga, kan kvalifikasjonskravet fråvikast.

Du må ha erfaring frå leiing og det er ønskeleg med erfaring frå seksjonen sitt ansvarsområde. Evne til god munnleg og skriftleg framstillingsevne er viktig.

Stillingen krev at du er sikkerhetsklarert, eller kan bli det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanningen din i utlandet, må den godkjennast av NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklingen, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

eigne leiarutviklingsprogram

introduksjonsprogram og fadderordning

fleksitid og gode ordningar for avspasering

pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse

etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal du varslast om dette.

Søk via link på denne sida

Kontaktpersonar:

Gunnar Søderholm

tlf: +47 57655789

mob: +47 95259709