Prosjekt- og byggeleiar

FirmaSuldal kommune
FylkeRogaland
StedSuldal
Søknadsfrist25.04.2014

Ved tenesteområdet kommunale bygg og eigedomar, er det frå snarast ledig 100% fast stilling som prosjekt- og byggeleiar knytt til kommunale utbyggingsprosjekt i Suldal kommune.

Stillinga rapporterer direkte til bygg og eigedomssjefen. Prosjekt- og byggeleiaren sine hovudarbeidsoppgåver vil vere å ivareta bygg-herrefunksjonen til Suldal kommune, samt vere prosjektleiar og/eller byggeleiar i gjennomføringa av ulike kommunale utbyggingsprosjekt. Prosjektering av enkle utbyggingsprosjekt vil og kunne vere oppgåver som vil kunne leggast til stillinga.

Tenestestaden for stillinga er ved kommunale bygg og eigedomar sine kontor på Garaneset, Sand.

Me søkjer etter ein sjølvstendig og utadvent person med relevant ingeniørutdanning. Erfaring frå arbeid med gjennomføring av utbyggingsprosjekt i bygg- og anleggsbransjen vil vere fordelaktig. Også anna liknande relevant utdanning og praksis kan vere av interesse.

Løn etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med bygg og eigedomssjef Lauritz Lauritzen på tlf. 52 79 24 31

eller 91 37 91 39 eller e-post: postmottak@suldal.kommune.no

Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkje på stillinga via vårt digitale søknadssenter http://min.e-kommune.no/suldal/

Søknad med kronologisk opplisting av utdanning og praksis, og rettkjende kopiar av attestar og vitnemål vert å senda Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand.

Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.


Vis flere stillinger: