Ny tunneljobb på Haukeli

Statens vegvesen lyser no ut oppgraderinga av E134 Svandalsflonatunnelen på Haukelifjell.

Prosjektet var første gong lyst ut i 2013. Då blei konkurransen avlyst, etter at det berre kom inn eitt tilbod.

- Vi vonar det blir fleire tilbod denne gongen. Vi har nyleg hatt eit liknande oppdrag i Eidfjord ute, som blei møtt med stor interesse frå entreprenørane, seier prosjetleiar Lars Øyre i Statens vegvesen.

Kolonnekøyring

Den 1.053 m lange tunnelen skal gjennomgå ei omfattande renovering før vinteren set inn for fullt. Under arbeidsperioden vil trafikken gå på gamle Haukeli-vegen på utsida av tunnelen. Her er det nyleg gjort utbetringar, slik at vegen også kan brukast av tungtrafikken.

Bussar i rute og utrykkingskøyretøy vil bli eksortert gjennom tunnelen i byggjeperioden. Øvrig trafikk må følgja ledebil i kolonne i ei retning om gangen. Skulle det bli vinterføre under arbeidet (øvste tunnelminning ligg på 1.000 meters høgde) kan det bli aktuelt å køyra nattkolonner gjennom tunnelen kvar time. Då vil det vera aktuelt å forlenga kolonna lenger ned, frå nedre munning av Austmannalitunnelen, for å sikra tungtrafikken bakkestart på glatt føre. Arbeid som krev særskilte stengetider vil bli kunngjort på førehand.

Må ta vekk fjell

Tunnelen skal få ei gjennomgåande høgde på 4,20 m og ei køyrebanebreidde på 5,7 m.. Det krev at det må fjernast fjell på dei plassane der denne høgda ikkje er inne i dag. Det skal utførast fjellsikring med reinsk og bolting gjennom heile tunnelen.. Dagens PE-skum skal fjernast og skiftast med nytt skum, som gir vass- og frostsikring i eit omfang på kring 6.800 kvm.

Entreprisen omfattar også nye grøfter med nye trekkerøyr for kablar og leidningar gjennom tunnelen, samt noko elektroarbeid.

Ferdig i november

Det blir tilbodskonferanse for interesserte entreprenørar ved tunnelmunninga i vest 10.april kl.11.00. Tilbodsfristen er 6.mai. Planlagt start på arbeidet er 2.juni, med fullføring til 1.november 2014.

Svandalsflonatunnelen er ein del av E134 Haukelivegen, som blei opna i 1968. Tunnelhøgda blei auka frå 4 m til 4,20 for sju år sidan.