Planleggingsleiar for E39 Stord - Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist27.04.2014

Statens vegvesen skal gjennomføra eit av dei største samferdsleprosjekta i landet og søkjer no ein dyktig planleggingsleiar.

Planarbeidet gjeld kommunedelplan for E 39 på strekninga frå Ådland i Stord kommune til Svegatjørn i Os kommune. I strekninga inngår også kryssing av Langenuen og Bjørnafjorden.

Arbeidsoppgåver:

Det er mange og utfordrande fagområde knytt til dette planarbeidet, ma.a bruplanlegging, veg- og tunnelplanlegging, arealplanlegging, landskapsforming, kulturminne, biologisk mangfald og geologi og geoteknikk.

Vi etablerer ei intern planprosjektgruppe med fagansvarlege for kvart aktuelt fagfelt og

som planleggingsleiar vil du få ansvaret for å koordinere alt planarbeid, samt innkjøp og styring av konsulentoppdrag.

God involvering og kommunikasjon med både interne og eksterne samarbeidspartnarar som m.a kommunar og fylkeskommunen vil verte ein viktig del av planansvaret. Det skal nyttast statleg plan noko som vil gje spesielle utfordringar i planarbeidet.

Kvalifikasjonar:

Vi venter at du har:

• Min. 4-årig utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

• minimum 10 års relevant erfaring

• erfaring med veg- og tunnelplanlegging

• erfaring med å leie store og komplekse planprosjekt

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Det er ønskjeleg at du har:

• evne til å ta initiativ og er resultatorientert

• erfaring med planlegging etter PBL

• gode evner til samarbeid og til sjølvstendig arbeid

• evner til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

• evne til heilskapstenking og nytenking

Stillinga er knytt til planseksjonen på Ressursavdelinga og er lokalisert i Bergen. Planprosjektet er del av utviklinga av E39 på strekninga Aksdal i Tysvær kommune i Rogaland til Svegatjørn i Os kommune i Hordaland. Planleggingsleiaren rapporterer til prosjektleiar i hovudprosjektet.

Når planarbeidet er avslutta vil din kompetanse bli nytta på andre utfordrande oppdrag på planseksjonen. Dette vil og vere tilfelle om planarbeidet skulle stoppe opp eller bli utsett. Stillinga er i utgangspunktet fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle.

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Lønsvilkår:

Løn etter avtale i samsvar med etatens lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Dersom du synes dette høyrest spennande ut, søkjer du via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb utlysningnr. 3-029-14.

Kontaktpersonar:

Wilhelm Lund

tlf: +47 55 51 67 43

mob: +47 91623608

Vis flere stillinger: