Ill. Statens vegvesen

Tilrår veg- og togløysing til 33 milliardar

Veg og jernbane side om side, nye tunnelar og betydeleg reduksjon i reisetida. I dag la Statens vegvesen og Jernbaneverket fram tilrådinga om kva som vil vere dei beste trasevala for tog og veg mellom Voss og Arna i framtida.

I 2012 fekk Jernbaneverket og Statens vegvesen i oppdrag frå Samferdsledepartementet å utarbeide ein KVU for strekninga Voss-Arna. Dette arbeidet er no ferdig, og resultatet vart overlevert tirsdag.

Prosjektet si anbefaling til løysing vart presentert i samband med at statsråd Ketil Solvik-Olsen mottok KVU’en av vegdirektør Terje Moe Gustavsen og jernbanedirektør Elisabeth Enger.

Prosjektet si tilråding
Etter eit omfattande arbeid har etatane landa på eit alternativ (K5) som blant anna inneber forslag om 4-feltsveg mellom Arna og Romslo og ny 2-feltsveg vidare til Voss. Den sistenemnde vegstrekninga vil ha korte dagsoner i 12.5 meters breidde, samt midtrekkverk. Vegbana i tunnelane vil vere 10,5 meter breie med midtfelt, og ikkje minst med rømmingsmoglegheit til jernbanetunnelen som vil gå parallelt med vegtunnelane.

For jernbana sin del er forslaget dobbeltspor med stopp i Arna, Vaksdal, Stanghelle, Dale, Bolstad og Voss.

- Vi har hatt eit godt samarbeid undervegs, No satsar vi på at vi får halda fram med felles organisering og finansiering, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen og jernbanedirektør Elisabeth Enger.

- Det sparar store investeringsvolum, særleg ved at vi slepp å bygga separate rømmingsvegar.

Vidare arbeid
K5-alternativet vert lagt til grunn for vidare planlegging etter plan- og bygningslova. Utbygginga bør gå som eit felles tiltak, med samla finansiering og organisering. Totalkostnad er 33 milliarder kroner.

- Vi ser optimistisk på å få til ein god planprosess, med bakgrunn i det gode samarbeidet vi har hatt med kommunane, Hordaland fylkeskommune ogFylkesmannen i Hordaland undervegs i KVU-arbeidet, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen Region vest.

- Vi har utfordringar med store tunnelmassar som helst skal brukast til nyttige føremål. Men ein del må nok deponerast, og her har vi starta dialogen på ein konstruktiv måte.

Planavklaringar må vera på plass til arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-27.

Trygt og effektivt
Dei utløysande behova for KVU-prosjektet på E16 var på kort sikt å redusere talet på trafikkulukker, og på lengre sikt sikre ein trygg, påliteleg og effektiv transport på strekninga.

- Med dette alternativet meiner vi å innfri bestillinga frå departementet. Vi klarar å flytte meir gods og kollektivtrafikk over på ei ny og effektiv jernbane, samstundes som vi får ein tryggare og betre veg for bilistane. Med denne satsinga gjer vi betydelege grep for å betre aust-vest korridoren både for privat- og godstrafikken, seier Gustavsen og Enger.