Vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Arkivfoto

Vegvesenet signerer kontraktar for tre milliardar kroner

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har akkurat signert kontrakten for bygging av noreghistorias største vegkontrakt, Eiganestunnelen. Seinare i dag skriv han under kontrakt på Filefjell.

Eiganestunnelen

3,7 kilometer tunnel med to løp under Stavanger. Eiganestunnelen går frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Prosjektet består av 5 kilometer ny firefeltsveg – 3,7 kilometer er Eiganestunnelen.

I tillegg til bygging av sjølve Eiganestunnelen skal entreprenøren blant anna bygge rundt ein kilometer av Hundvågtunnelen, eit omfattande system av- og pårampar og ein kilometer ny veg mellom Schancheholen og rundkøyringa i Madlaveien.

JV Bilfinger-Stangeland skal også bygge fire nye rundkøyringar, ein 170 meter lang miljøkulvert og ein kilometer av Sykkelstamvegen mellom Stavanger sentrum og Forus.

Eiganestunnelen skal stå klar til opning i 2019.

Kilde: Statens vegvesen

Det skriver Statens vegvesen i ei pressemelding tysdag.

Gustavsen har eit travelt program i dag. Mellom anna signerer han utbyggingskontraktar i Region vest for 3 milliardar.

– Det er hyggeleg å signere kontraktar for tre milliardar kroner. Dette seier litt om aktivitetsnivået i Region vest. Det er store og krevjande oppgåver Statens vegvesen skal jobbe med framover, seier vegdirektøren.

Kontrakten for bygging av Eiganestunnelen i Stavanger er inngått med JV Bilfinger-Stangeland Maskin. Kontrakten er verdt 2,02 milliardar kroner og er tidenes største vegkontrakt i Noreg.

Varpe Bru-Smedalsosen

14 km veg i dagen og 6 kilometer tunnel skal byggjast over høgfjellet frå Valdres til Lærdal.

Slakare stigning, tunnel og heva vegbane på deler av strekninga skal redusere kolonnekøyring og stenging på grunn av uvêr om vintrane.

Kontrakten startar nokre kilometer aust for Tyinkrysset, strekk seg over fylkesgrensa og til Smedalsosen, der ein møter vegstrekninga Smedalsosen-Borlaug, som skal fullførast i år.

Det overordna målet med utbygginga på Filefjell er å betre regulariteten, redusere transportkostnadane, minske risiko for trafikantane og skape ei sikrare og betre transportåre mellom Austlandet og Vestlandet.

Kilde: Statens vegvesen

– Signeringa er eit symbol på den store aktiviteten som er venta både i Rogaland og heile Region vest i dei komande åra. Ryfast, Rogfast og ferjefri E39 gjennom alle fylka vil krevje store investeringar og høg kompetanse frå oss som fagetat. Det er viktige og krevjande oppgåver Statens vegvesen skal jobbe med framover, seier vegdirektøren.

I ettermiddag skriv vegdirektøren kontrakt på bygging av Varpe Bru-Smedalsosen på E16 Filefjell med Hæhre Entreprenør AS. Kontrakten har ein verdi på 857,5 millionar kroner. Totalprisen på utbygginga på Filefjell er 2,866 milliardar kroner.