Illustrasjonsfoto

E6 Helgeland nord: Samme entreprenør skal stå for utbygging, drift og vedlikehald

Utbygging av E6-prosjektet ”Helgeland Nord” får auka statlege løyvingar og lågare bomsatsar, enn det som er lagt til grunn i forslag frå den førre regjeringa. Utprøving av nye former for entreprenørkontraktar inngår i prosjektet.

- Med å gi ein entreprenør ansvaret for utbygging, drift og vedlikehald av ei lengre vegstrekning, kan vi mange stader oppnå stordrifts- og samordningsgevinstar. Dei mange store oppgåvene vi står framfor på vegsektoren krev at vi prøver ut slike nye løysingar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit forslag om utbygging av prosjektet ”Helgeland nord, Korgen – Bolna” i kommunane Hemnes og Rana i Nordland.

Forslaget, som blei lagt fram i statsråd fredag, fører også til at det blir to bomstasjonar på strekninga, mot tre bomstasjonar i forslaget frå den førre regjeringa.

Utlysing i ein samla konkurranse

I forslaget er det lagt opp til at utbygginga av dei 10 delstrekningane og det meste av drifta og vedlikehaldet av E6 mellom Korgen og Bolna blir lyst ut i ein samla konkurranse. Kontrakten for desse oppgåvene vil ha ei lengd på inntil 15 år og blir kalla ”vegutviklingskontrakt”.

På den 125 kilometer lange strekninga Korgen – Bolna skal E6 byggjast ut på til saman 62 kilometer, fordelt på 10 delstrekningar. Om lag 47 kilometer omfattar utviding av vegbreidda, utretting av svingar og styrking av bereevna. Det meste av arbeidet vil skje nord for Mo i Rana. Mellom Korgen og Mo i Rana vil det også bli gjennomført tiltak for å gjere trafikken tryggare, mellom anna ved å byggje gang- og sykkelvegar.

Entreprenøren vil også få ansvar for drift av E6 på strekninga Korgen – Bolna og på E12, med sidearmar, til saman nær 170 kilometer.

Utbygginga skal starte hausten 2014, med fullføring av siste delstrekning i løpet av 2018.

Auka statlege løyvingar og reduserte bomsatsar

- Svært viktig for Nord-Norge

Regjeringen går inn for utbygging og finansiering av E6 Helgeland nord.

- E6 er den viktigste transportåren inn og ut av Nord-Norge, og prosjektet E6 Helgeland er derfor svært viktig for landsdelen. Vi har jobbet med dette over flere år, og jeg er glad for at regjeringen nå innstiller på å realisere prosjektet. Vi er klare til å sette i gang, sier regionvegsjef Torbjørn Naimak.

I forslaget som ble lagt fram i statsråd orienteres det også om det foreløpige opplegget for utbygging og finansiering av prosjektet E6 Helgeland i sin helhet, fra Nord-Trøndelag grense til Bolna.

- E6 Helgeland er én vegutviklingspakke, der Helgeland nord er første del. Vi vil nå gjennomføre siste del av forberedelsene for Helgeland sør og Brattåsen-Lien. Det innebærer i første omgang en ekstern kvalitetssikring av kostnadsberegningene, sier Naimak.

E6 Helgeland inneholder bygging og utbedring av i alt 150 kilometer veg mellom Nord-Trøndelag grense og Bolna. Prosjektet er beregnet å koste 5,19 milliarder kroner, hvor Helgeland nord kostnadsberegnes til 1,69 milliarder kroner.

Forslaget til utbygging og finansiering av E6 Helgeland nord ble lagt frem i statsråd fredag 28. mars.

Dei samla kostnadene for utbygginga er rekna til 1 360 millionar 2014-kroner. Av dette skal 330 millionar kroner finansierast ved bompengar, medan 1 030 millionar kroner skal finansierast ved statlege løyvingar. Dette vil seie at den statlege løyvinga vil dekkje 80,5 prosent av kostnadene, medan bompengar står for 19,5 prosent.

Den førre regjeringa la i fjor haust fram eit forslag der den statlege delen var 63 prosent og bompengdelen var 37 prosent. Den nye regjeringa trekte så tilbake heile forslaget - med sikte på ein ny gjennomgang av prosjektet.

Ved å ta bort ein tidlegare planlagd bomstasjon på Krokstrand blei drifts- og investeringskostnaden for bompengeinnkrevjinga redusert med om lag 40 millionar kroner. I tillegg kjem 70 millionar kroner i venta reduksjon i rentekostnadene for opplegget til regjeringa, samanlikna med det som ligg i tidlegare lokalpolitiske vedtak og i forslaget frå den førre regjeringa.

Auka statlege løyvingar, reduserte drifts-, investerings- og rentekostnader fører til at takstane for passering av dei to attverande bomstasjonane vil bli frå 20 – 27 prosent lågare enn det som var lagt til grunn i forslag frå den førre regjeringa.

Helgelandspakken: E6 Nord-Trøndelag grense – Bolna

Prosjektet ”Helgeland nord, Korgen – Bolna” er eitt av tre prosjekt som inngår i ”Helgelandspakken”, det vil seie utbygging av E6 på strekninga Nord-Trøndelag grense – Bolna. Dei to andre prosjekta er:

Helgeland Sør E6, Nord-Trøndelag grense – Korgen

E6 Brattås – Lien

I forslaget som er lagt fram i statsråd er det også ei orientering om førebels opplegg for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga frå Nord-Trøndelag grense til Bolna.