Kontrollingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist24.04.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør ved Vegavdeling Sogn og Fjordane, vegseksjon Sogn, med kontorstad på Leikanger. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Stillinga vil vere knytt til byggjeleiing for investering-/vedlikehaldsprosjekt. Vi gjennomfører både små og store tiltak med ulike utfordringar.

Omfanget av arbeidsoppgåvene vil kunne variere innan m.a følgjande område:

• Ta del i prosjekteringsarbeid, og utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt.

• Ta del i anbodsprosess

• Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)

• Rapportere og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi

• Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid

• Avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak

• Kontakt med kommunar og grunneigarar

Kvalifikasjonskrav:

Det er ønskelig med minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. Kandidatar med utdanning frå teknisk fagskule vil bli vurdert. Erfaring innan vegbygging er ein fordel, men vi oppmodar og nyutdanna til å søkja.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du har:

• Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp og kontrahering

• Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt

• God skriftleg og munnleg framstillingsevne

• At du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert

• Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

• Fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Statens vegvesen - ein god arbeidsplass:

Vi tilbyr varierte og utfordrande oppgåver i eit aktivt og fagleg godt miljø, høve til kompetanseheving, samt gode arbeidstidsordningar.

Stillinga vil bli løna etter nærare avtale i høve etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Dersom du synes stillinga høyrest spennande ut, sender du søknaden via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-027-14.

Kontaktpersonar:

Eivind Yttri

tlf: +47 57655799

mob: +47 90830854