Bilfinger og Stangeland innstilt på Eiganestunnelen

Bilfinger Construction/Stangeland Maskin as hadde det lågaste tilbodet, og er innstilt til å bygge Eiganestunnelen. Statens vegvesen reknar med byggestart i løpet av april i år.

Kontrakten har ein verdi på like over to milliarder kroner.

- Vi har innstilt eit tungt og kompetent entreprenørfellesskap til det som er den største vegkontrakten i Noreg, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord til vegvesen.no.

Han er glad for å ha kome eit skritt vidare i realiseringa av prosjektet. Klagefristen er ti dagar, så kan kontrakten underskrivast.

Omfattande jobb

Entreprenøren som får jobben skal bygge 3,7 km tunnel med 2 løp og ramper under Stavanger. Eiganestunnelen går frå Schancheholen/Våland kolonihage til Tasta. Prosjektet består av 5 km med ny firefeltsveg, der 3,7 km tunnel er Eiganestunnelen. Prosjektet blir gjennomført for å betre avviklinga av trafikken på E39, for å redusere talet på ulukker, avlaste dagens lokalveger og betre miljøet.

I tillegg til bygginga av sjølve Eiganestunnelen får entreprenøren mellom anna også oppgåva med å bygge nærmare ein kilometer av Hundvågtunnelen, bygging av eit omfattande system av av- og pårampar og ein kilometer ny veg mellom Schancheholen og rundkøyringa i Madlaveien. I tillegg kjem fire nye rundkøyringar, ein 170 meter lang miljøkulvert og ein kilometer av Sykkelstamvegen mellom Stavanger sentrum og Forus.

Badeanlegg

Store mengder massar skal hentast ut og fraktast vekk. Massane skal mellom anna nyttast til utfylling i Jåttåvågen, som byggegrunn for nye bustader og badeanlegg.

Eiganestunnelen går under områder med mange bygningar, og det gjer at sikringa vil vere omfattande med injeksjon, sprøytebetong og betongelement.

Eiganestunnelen skal stå klar til opning i 2019.