Snur skilt ulovleg

I samband med arbeidet er fartsgrensa forbi anleggsområdet på fv. 47 Bygnes i Haugalandspakken sett ned frå 70 km/t til 40 km/t. Dette fell mange tungt for hjarta.

Saman med entreprenør Risa AS har Vegvesenet oppdaga at nokon har snudd skilta som syner 40 km/t vekk frå vegen, slik at gjeldande fartsgrense ikkje er synleg for bilistane.

- Dette er ulovleg, farleg og må ikkje skje. Dersom vi opplever igjen at skilta vert snudde vil vi vurdere å politimelde det, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen.

Prosjektleiaren forstår at folk kan meine det er merkeleg med 40 km/t på den aktuelle strekninga.

- Fram til no har mykje av sjølve arbeidet føregått i fv. 511 Avaldsnesvegen, og mange har nok oppfatta det som at det ikkje blir arbeidd på fv. 47. Det er like fullt eit arbeidsområde tett oppi vegen med mange anleggsmaskinar som køyrer inn og ut på fv. 47, jamt og trutt. Gang- og sykkelvegen langs fv. 47 er open gjennom krysset, og vi veit av erfaring at mange trafikantar blir distraherte når dei ferdast langs eit uoversikteleg anleggsområde slik som dette, fortel Færaas.

Han legg til:

- Vi må ta utgangspunkt i dei risikovurderingane vi har gjort saman med entreprenøren. Det er vårt ansvar og plikt å tenke på både dei som arbeider på området, og dei som ferdast langs anlegget. Det inkluderer både 8-åringen på sykkel, gravemaskinføraren, pendlaren og bussjåføren, seier prosjektleiaren. Vi kan ikkje gjere anna enn å oppmode trafikantane til å respektere fartsgrensa som er satt.

Det blir snart innsnevringar på sjølve fv. 47 også, når arbeidet med undergangen under krysset startar. Fv. 511 har vore stengt i nokre månadar, men opnar att i månadsskiftet mars april, og dette vil igjen auke trafikken i anleggsområdet.