Nær 200 millionar kroner ført tilbake til Forsvaret

I 2013 selde Forsvarsbygg Skifte eiendom tidligare forsvarseigedom for 408 millionar kroner.

Av desse inntektene vart 154 millionar nytta til riving, sikring og miljøsanering og 197 millionar kroner vart ført tilbake til Forsvarsdepartementet.

- Sal av eigedom har gitt Forsvaret ei ekstra inntekt på 3,2 milliardar kroner sidan 2002. Inntekter frå sal og færre økonomiske og miljømessige forpliktingar knytt til drift av bygg og anlegg i framtida, er viktige tilskot til forsvarssektoren, seier direktør i Skifte eiendom Marit Jakobsen Leganger.

Forsvaret sine utgifter til drift og vedlikehald av bygg og anlegg ville vore omlag 1 milliard kroner høgare utan avhendinga som har skjedd dei siste 12 åra.

- Skifte eiendom medverkar til ei effektiv og tilpassa eigedomsportefølje for Forsvaret. Det inneber at utdatert eigedom får nye muligheiter i andre marknader, seier Leganger. Totalt har Skifte eiendom avhenda 2,8 millionar kvadratmeter forsvarseigedom sidan starten i 2002.

Miljøansvar og ny etterbruk

Skifte eiendom har rydda, sikra og miljøsanert eigedom for 154 millionar kroner i 2013. Dette er eigedom som anten er kondemnabel, eller med miljøproblem som må ryddast før eit sal. Det er og eigedom som skal førast tilbake til det til det sivile samfunnet som for eksempel friluftsområder.

- Desse eigedomane omfattar alt frå populære naturområder til skytefelt og øvingsområder, seier Leganger.

Nokre av dei største miljøprosjekta som Skifte eiendom har jobba med i 2013 er opprydding i tidligare skyte- og øvingsfelt som til dømes Steinkjersannan i Steinkjer kommune, Lørbern i Ørland kommune og Kjevik i Kristiansand kommune.

- Ein viktig del av avhendinga er å fjerne miljøskadeleg avfall og forureina masser frå områder som tidlegare har vore nytta av Forsvaret. Det er vår jobb å legge til rette for sivil etterbruk av desse eigedomane, seier Leganger. Skifte eiendom har sidan 2002 frigjort 25 000 dekar friluftsareal til allmennheita, det tilsvarar nærare 3 500 fotballbaner.

Oppdrag utanfor forsvarssektoren

Skifte eiendom har dei siste åra tilbydd kompetanse og tenester til andre offentlege aktørar med stor eigedomsportefølje . I dag løyser Skifte eiendom oppdrag innan sal, riving, sikring og miljøsanering for til dømes Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Kystverket, Jernbaneverket og Helse Sør-Øst.

- At vi får oppdrag frå andre statlege aktørar tyder på at også andre enn forsvarssektoren har behov for eit sterkt fagmiljø for avhending av offentleg eigedom, seier Leganger. I 2013 selde Skifte eiendom nærare 2 500 rådgivingstimar til andre enn forsvarssektoren.