Grunnerverver - Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist30.03.2014

Er du jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, har vi interessante oppgåver til deg.

Ved eigedomsseksjonen i Statens vegvesen Region vest, har vi ledige stillingar som grunnervervar med kontorstad i Bergen.

Eigedomsseksjonen

Seksjonen har eit samla fagmiljø på ca. 50 medarbeidarar i regionen med kontor i Stavanger, Bergen og Leikanger. Vi har ansvar for kjøp av grunn og rettar for bygging og drift av riks- og fylkesvegar. Våre prosjekt varierar frå store veganlegg til bygateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak og mindre drifts og vedlikehaldprosjekt. Seksjonen har også ansvar for landmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn.

I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg i regionen og som følgje av dette treng vi å styrke bemanninga vår.

Arbeidsoppgåver

Du som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv med tilhøyrande plan- og eigedomsjuridiske problemstillingar. Grunnervervaren er også deltakar i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og er bidragsytar i heile prosessen frå oppstart av planarbeid til veganlegget er ferdig bygd.

Kvalifikasjonar

Høgare utdanning frå universitet/høgskole innan jordskifte, eigedom eller juridiske fag. Lang og relevant erfaring frå dei nemnde fagområda kan kompensera for deler av utdanningskravet. Du må ha førarkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Seksjonen har mykje kontakt med andre interne seksjonar og eksterne parter, og vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, samt god skriftleg og munnleg kommunikasjon. For å fungere godt i stillinga må du:

  • Ha evne til å møte mennesker i utfordrende situasjoner og skape god kontakt
  • Trivast med å jobbe mot korte tidsfrister og vere resultatbevisst
  • Vere strukturert, selvstendig og pedagogisk

Vi tilbyr

I Statens vegvesen gir vi deg høve til personleg og fagleg utvikling gjennom utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med engasjerte kollegaer.

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Vi har fleksitid og skyss/kostgodtgjering etter offentlege regulativ, samt gode pensjons -og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for medarbeidarane. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hjå oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

For søkjarar som har teke heile eller deler av utdanninga i utlandet, må denne godkjennast av NOKUT( www.nokut.no)

Kontaktpersonar

Øyvind Pedersen (Bergen), tlf. 55 51 61 34/97 09 34 50

Send søknad via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-026-14

Vis flere stillinger: