Saksbehandlar innan kollektiv, gange og sykkel

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist30.03.2014

Vil du bidra til å utvikle eit godt kollektivtilbod og betre tilrettelegginga for syklistar og fotgjengarar i Stavanger regionen?

Plan- og forvaltningsseksjonen i Stavanger søkjer no etter deg som vil arbeide med gang-, sykkel og kollektivtiltak i Sør-Rogaland. Vi er 22 engasjerte og kompetente medarbeidarar, i hovudsak sivilingeniørar, ingeniørar, samfunnsvitarar og fagarbeidarar.

Våre hovudoppgåver er planansvar for vegprosjekt, kollektiv- og gang-/sykkeltiltak, miljøtiltak, trafikksikringsarbeid, uttalar til kommunale arealplanar og ulike forvaltningsoppgåver.

Dei kommande åra skal veksten i persontransporten i byområda takast med kollektivtransport, gang og sykkel for å oppfylle krava i klimaforliket. Vi ynskjer difor å styrke oss innan dette område og søker etter deg som har lyst til å hjelpe oss med å auke sykkelbruken, tilretteleggja for kollektivreisande og vera med på å forme løysningar for framtida. Du har tyngde nok til å koordinere eit mangfaldig arbeid, samstundes som du aktivt kan stimulere andre til å bidra.

Kva skal du jobbe med?

• Delta i planlegging av nye sykkelanlegg, gangtilbod og kollektivløysningar

• Kvalitetssikre og bestille utbetring av veger for fotgjengarar og syklistar

• Utgreie og bestille mindre kollektivtiltak

• Ivareta Statens vegvesen si rolle i samband med sykkelturisme

• Vera pådrivar for å auke andelen fotgjengarar og syklistar i byområda

Arbeidsoppgåvene vil avpassast etter di erfaring og interesse, samt seksjonen sitt behov.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer deg med bachelor - eller mastergrad, innafor relevant fagområde.

For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Nyutdanna vil også bli vurdert.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no ).

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Det er vidare ynskjeleg at du har:

• Erfaring med og interesse for gang-/sykkel- og kollektivtiltak

• Erfaring innanfor arealplanlegging og samferdsle i offentleg eller privat sektor

• Evne til å finne praktiske løysningar og samtidig oppteken av framdrift

• Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

• Gode samarbeidsevner

Vi kan mellom anna tilby:

• Ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg og fagleg utvikling.

• Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

• Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar

• Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2% til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse

• Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

• Fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass:

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal-, geografisk- eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen etter behov.

Stillinga søkjer du via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb – utlysing nr 3-024-14 innan 30. mars 2014.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege, sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Kontaktperson:

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Lisa Garpe, lisa.garpe@vegvesen.no tlf. 51 91 15 11/ 913 23 718

Vis flere stillinger: