Prosjektleiar for E39 Aksdal - Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist20.03.2014

Statens vegvesen har ledig stilling som prosjektleiar knytta til utvikling av E39 på strekninga Aksdal i Tysvær kommune, Rogaland til Svegatjørn i Os kommune, Hordaland. Prosjektet vil starte med tilrettelegging av planprosessen i 2014 og etterfølgjande prosjektering og bygging. Kontorstad vil fortrinnsvis vere i Bergen.

Som prosjektleiar for dette prosjektet vil du vere med på gjennomføring av eit prosjekt frå planstadiet til og med bygging. Du kan og vere med som prosjektleiar i deler av prosjektet og deretter inngå som ein del av prosjektgruppa under seinare fasar.

Arbeidsområde:

Som prosjektleiar vil du i første omgang få ansvar for framdrift av planprosjektet. Det er gjort vedtak om bruk av statleg plan på strekninga av Samferdselsdepartementet. Etterfølgjande fasar vil vere regulerings-/detaljplanar og prosjektering/bygging. Du må rekne med mange avklaringar og samordningar med 7 kommunar, 2 fylke samt parallelle løp med utvikling av teknologi på fjordkryssingar. Prosjektet er det første av brukryssingsprosjekta på Ferjefri E39. Prosjektet vil vere eit av dei mest omfattande samferdselsprosjekt i landet. Samla strekning vil vere over 90 km med 3 fjordkryssingar.

For å styre dette vil du måtte basere deg på å hente inn personell i ulike tidsfasar, men det kan og vere aktuelt etterkvart at du byggjer opp ein stab rundt deg for støtte i gjennomføring av oppgåva. Vidare må du rekne med tett samarbeid med vegavdelingane internt i Statens vegvesen og elles kommunar, fylkeskommunar og eksterne brukarar av vegen.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. I tillegg vert det rekna med at prosjektet vil ha stor interesse både innanlands og utanlands.

Du vil organisatorisk bli lagt direkte under prosjektsjef på prosjektavdelinga i Region vest.

Kvalifikasjonar:

Vi forventar at du har utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 3 år, og at du har god kompetanse innan prosjektleiing og relevante planfag. Dersom du har allsidig praksis innan dei aktuelle områda, og elles gode personlege føresetnader, vil dette blir særleg vektlagt i tillegg til kravet om formell utdanning.

Vi søkjer deg som ein initiativrik og resultatorientert person med erfaring frå leiing av planprosessar. Evne til koordinering og styring på framdrift vil vere viktig. Du bør vere utadvent, ha evne til samarbeid og god kommunikasjon samt hente fram kunnskap i og utvikle medarbeidarane.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Lønnsvilkår:

Løn etter avtale i samsvar med etatens lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Søk her

Kontaktpersonar:

Kjartan Hove

tlf: +47 57655708

mob: +47 90110586


Vis flere stillinger: