Saksbehandlar innan HR

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist21.04.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledig fast stilling som saksbehandlar innan fagområdet HR/personal. Stillinga er knytt til HR- og administrasjonsavdelinga med kontorstad i Stavanger.

Arbeidsoppgåver:

• rådgjeving i - og gjennomføring av rekrutteringsprosessar

• annan saksbehandling innan personalområdet

• rådgjeving innan avtaleverk

• arbeid i lønns-/personaldatasystem

Kvalifikasjonar:

• min. 3 års utdanning på universitets- eller høgskulenivå innan relevante fag.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

• erfaring frå personal – og rekrutteringsarbeid.

• gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg samt i engelsk.

Det er ein fordel at søkjar har kjennskap til og praksis frå offentleg forvaltning.

For å lukkast i stillinga må du ha ein positiv haldning, du må vere sjølvstendig og analytisk, og med evne og lyst til å utvikle eige fagområde.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, skal den vera godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Statens vegvesen tilbyr:

Mogleg å få fagleg og personleg utvikling, samt eit allsidig velferdstilbod. Løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Gunstig pensjonsordning og muligheiter for lån med 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er opptekne av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Søknad:

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Svein Hoff på tlf. 55 51 64 55 / 918 47 602.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Dersom du synest dette verkar spanande er du velkomen til å søkje stillinga via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb

Utlysingsnr 3-019-14.

Vis flere stillinger: