Nabokontakt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist16.03.2014

Vil du ta del i bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel?

Statens vegvesen søkjer nabokontakt til bygging av eit av Norges største samferdsleprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og byggestart på første entreprise var i november 2012.

I denne omgang søkjer vi etter Nabokontakt.

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger.

______________________________________________________________________

E39 Eiganestunnelen inneber ny tunnel frå Motorvegen til nordre utløp av Byhaugtunnelen og ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Prosjekt Eiganestunnelen er delt inn i to hovudentreprisar:

• Eiganestunnelen: Ny tunnel frå Schancheholen og Madlaveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen, med tilhøyrande konstruksjonar og veg i dagen

• Eiganes nord: Dagsone med nye vegar og ny bru mellom tunnelen og Smiene.

Rv. 13 Ryfast er nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og rv. 13 i Strand kommune. Hensikta er å etablere fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren og nytt fastlandsamband til Hundvåg frå Stavanger.

Ryfast er delt inn i to hovudentreprisar:

• Ryfylketunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Siste del opp mot Hundvåg ligg i entreprisen for Hundvågtunnelen. I tillegg kjem naudsynte element og tilpassingar ved daganlegg på Solbakk.

• Hundvågtunnelen: 6,9 kilometer undersjøisk tunnel under Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger (inkl. ca. 1,2 km fellesstrekning med E39 Eiganestunnelen, samt element og tilpassingar ved daganlegget på Hundvåg). Entreprisen inneheld delar av Solbakktunnelen.

Arbeidsoppgåver:

• Oppfølging av naboar i byggefasen

• Informasjon til partar som er berørte av utbyggingsprosjektet

Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2019. Stillinga er fast i Statens vegvesen, og er knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Kvalifikasjonar:

Du må ha relevant utdanning og erfaring. Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Vi kan tilby:

• Godt arbeidsmiljø med hyggelege og inkluderande kollegaer

• Arbeidsoppgåver som gir fagleg og personleg utvikling

• Fleksibel arbeidstid slik at du kan kombinere jobb og fritid på ein god måte

• Medlemskap i Statens Pensjonskasse

• Gode velferdstilbod

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må dette godkjennast av NOKUT( www.nokut.no).

Lønn:

Stillinga blir lønna etter avtale og avhengig av kvalifikasjonar og i høve til etatens lønspolitikk. Det blir trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.

Kontaktperson:

Prosjektleiar Gunnar Eiterjord, mobil: 91877089, epost: gunnar.eiterjord@vegvesen.no

For meir info om prosjektet:

http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39eiganestunnelen

http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/ryfast

Søknad:

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Du er velkomen til å søkje stillinga (utlysingsnummer 3-022-14) innan 16.03.2014 via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb

Vis flere stillinger: