Havnen og Metrostav lågast på Veitastrondsvegen

Eit arbeidsfellesskap mellom tsjekkiske MetroStav og Havnen Anlegg frå Kaupanger leverte det rimelegaste tilbodet på andre steg av skredsikringa av Fv337 Veitastrondsvegen, melder Statens vegvesen.

Anbodsopninga var fredag 28. februar, og lista over tilbod som kom inn ser slik ut, i stigande rekkefølgje:

MetroStav og Havnen Anlegg: 148.928.792 kr

Istak HF: 162.999.926 kr

Veidekke Entreprenør AS: 170.349.675 kr

Contexo AS: 178.854.524 kr

AS Birkeland Entreprenørforretning: 189.418.570 kr

- No skal me sjekke om tilbydarane er kvalifiserte, og så kontrollrekne tilboda. Me reknar med anleggsstart i byrjinga av juni, og etter planen skal tunnel og veg stå klar hausten 2016, seier prosjektleiar Stein Dyngen.

Prosjektet består av ein 1.565 meter lang tunnel forbi det kjende raspunktet Bjørnabakkane og 900 meter veg i dagen, med rassikring for Lindeskreda. Tunnelen skal byggjast med eitt felt og møteplassar, men i enden mot Veitastrond går den over i to felt på grunn av kurvatur og krav til sikt.

Sikringa av Bjørnabakkane og Lindeskreda var vedteke av eit samrøystes fylkesting i Sogn og Fjordane i haust, og løyvingane til prosjektet vart vedtekne i Stortinget i desember.