Prøvepeling til nye Loftesnesbrui vart gjennomført 15.-24. januar, som ein del av prosjekteringsarbeidet. Tre peler vart slått ned i sundet. (Foto: Statens vegvesen)

Hausta nyttige erfaringar etter prøvepeling

Prøvepelinga til nye Loftesnesbrui i Sogndal er no gjennomført. Arbeidet har gitt Vegvesenet nyttige erfaringar til vidare planlegging av fundamenta, og kva slags pelar og teknikk som skal nyttast.

Tre stålpelar med diameter på ein meter vart slått ned i fjordbotn i perioden 15. til 24. januar. Pelane vart slått 45 meter ned i lausmassane på det meste, og pelane blir ein del av det nye fundamentet, når brubygginga startar til hausten, melder vegvesen.no.

- Den nærmaste pelen som vart slått ned, er den mest kritiske i heile det nye fundamentet, berre ca tre meter frå eksisterande fundament. Så det var nokre spennande minutt då den vart plassert, seier prosjektleiar Tone Oppedal.

Medan prøvepelinga pågjekk, registrerte måleutstyr ristinga frå slaga på utsette punkt på eksisterande bru. Det vart også gjort innmåling av faste punkt på brua undervegs i arbeidet.

- No vil vi følgje opp prøvepelinga med ein inspeksjon av eksisterande bru, før vi avgjer korleis det vidare arbeidet skal utførast. Beskriving av prosedyre for peling skal innarbeidast i konkurransegrunnlaget, som etter planen skal ut i slutten av mai, seier Oppedal.

For naboar til brua i Sogndal vart prøvepelinga eit forvarsel om kva som ventar dei når bruarbeidet startar for fullt til hausten, og tilbakemeldingane Vegvesenet fekk under prøvepelinga vitnar om at lydnivået blir akseptert av folk, når målet er å få ein ny og betre bru.