Elektro- og automasjonsingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist05.03.2014

Ønskjer du å jobbe med planlegging og prosjektering av elektrotekniske anlegg eller planlegging og prosjektering av automasjonsanlegg? Vi kan by på mange spennande utfordringar og på prosjekteringsseksjonen, med kontorstad Leikanger, har vi to ledige stillingar.

Prosjekteringsseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med 260 medarbeidarar. Vi utfører m.a. veg-, gate- og tunnelplanlegging og prosjektering på store og små investeringsprosjekt i eigenregi eller ved bruk av konsulentar. Hjå oss kan du mellom anna jobbe med prosjekt på fylkes- og europavegane gjennom vestlandet. Vi har i dag sju medarbeidarar fordelt på kontora i Leikanger og Bergen som jobbar innan fagområda elektro/automasjon.

Arbeidsoppgåver:

For begge stillingane vil arbeidsoppgåvene vere varierte innan fagfelta og nærliggande fagområde. Oppgåvene vil også tilpassast din erfaring, kompetanse og dine ambisjonar.

Som elektroingeniør vil du få oppgåver som planlegging og prosjektering av til dømes veglysanlegg, belyste skiltanlegg, tunnel- og bruinstallasjonar med tilhøyrande elektriske sterkstraums- og nødstraumsløysingar. Lysberekningar og kortslutningsberekningar vil også vere aktuelle tilhøyrande arbeidsoppgåver.

Som automasjonsingeniør vil du få oppgåver som planlegging og prosjektering av styre- og overvakingssystem og nettverk- og kommunikasjonsløysingar for m.a. tunnelanlegg, veglysanlegg og automatiserte skiltsystem. Val av fiberløysingar, instrumentering og måletekniske vurderingar vil også vere aktuelle tilhøyrande arbeidsoppgåver.

I begge stillingane vil nokre av kjerneoppgåvene også vere:

• Oppdragsansvar/oppdragsleiing

• Utarbeiding av teikningsgrunnlag og skildrande tekst for innhenting av tilbod frå entreprenørar

• Innkjøp og styring av konsulentoppdrag innan aktuelt fagområde

• Vere ein ressursperson innan eige fagområde og yte intern fagleg bistand

• Fagleg oppfølging i byggefasen

Vi ønskjer at du er:

• Initiativrik og sjølvstendig

• Fagengasjert og resultatorientert

• God til å samarbeide med andre

• Ein person med god sjølvinnsikt og høg integritet

• Flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg

Vi kan tilby:

• Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og inkluderande kollegaer

• Tydelege og trygge rammer for våre medarbeidarar

• Arbeidsoppgåver som gir fagleg og personleg utvikling

• Fleksibel arbeidstid slik at du kan kombinere jobb og fritid på ein god måte

• Medlemskap med gunstige pensjons- og lånerettar i Statens Pensjonskasse

• Løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk

Kvalifikasjonskrav:

• Utdanning frå universitet eller høgskule på minst 3 år med relevant linje- og fagkombinasjon. Vi oppmodar også nyutdanna og personar i avslutningsfasen av sin utdanning til å søke. Elektroinstallatørar gr. L oppmodast også til å søke

• Ønskeleg med relevant erfaring med prosjektering innan aktuelle fagfelt, og gjerne praktisk erfaring frå bygging/vedlikehald

• Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy ved prosjektering (t.d. AutoCAD, G-prog, Relux, Febdok e.l.)

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Søknad

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Det må opplysast i søknaden om ein søker stillinga som elektroingeniør eller automasjonsingeniør.

Kontaktpersonar:

Tom Hellebø

tlf: +47 57655827

mob: +47 90059076

Søk stilling