Illustrasjon: Rambøll

Campus NTNU utgreid for framtida

Rambøll har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjort ei utgreiing om framtidig lokalisering av Campus NTNU, sett i eit 50-årsperspektiv.

Det skriver Kunnskapsdepartementet i ei pressemeldingfredag.

Rambøll har vurdert ei rekkje alternativ, men reindyrka tre forskjellige konsept:

  1. Delt løysing som i dag med to hovudcampusar på Dragvoll og Gløshaugen.
  2. Ei kompakt løysing rundt Gløshaugen.
  3. Ei byintegrert løysing ved Gløshaugen, langs Elgeseter gate og ned mot Nidelva.

Dei forskjellige konsepta vil koste høvesvis 5 milliardar, 7,7 milliardar og 7 milliardar kroner, ifølgje pressemeldinga.

Dersom ein ser vekk ifrå økonomi, er ei samlokalisert eller byintegrert løysing å føretrekkje», skriver Kunnskapsdepartementet.

«Utgreiinga viser at det er nok tomteareal til å kunne gjennomføre alle dei tre alternativa. Alle tre alternativa har òg nok areal for ei ytterlegare framtidig utbygging, dersom veksten av studentar skulle bli vesentleg høgare enn ein går ut frå.

Etter ei samla vurdering av prissette og ikkje-prissette effektar, tilrår Rambøll ei lokaliseringsløysing rundt Gløshaugen, og at ein går vidare med eit forslag som er ein kombinasjon av konsept 2 og 3. Ei kombinasjonsløysing kan utformast på fleire måtar, og utgreiinga tilrår at ein bearbeider konseptet vidare. Rapporten peikar på mogleg utbygging langs tre geografiske aksar;

  1. Søraust for Gløshaugen,
  2. Nord for Gløshaugen (Høyskolebakken)
  3. Vest for Gløshaugen (Hesthagen)

Kombinasjonskonseptet vil koste rundt 7 milliardar kroner.

Les heile pressemeldinga hos Kunnskapsdepartementet her.